søndag 23. januar 2011

En liten oppdatering

Det har vore veldig stilt her inne i det siste så eg tenkte eg kunne legge ut nokre bilde av huset. Det blei måla i sommer og sidan det har det skjedd lite ute. Vi håper å få starta på uteområdet så snart vinteren er over.

Theodor, 18 mnd










søndag 18. april 2010

Etablert

Planen med å oppdatere bloggen oftare gjekk visst i vasken, men men, slik kan det gå.
Vi har no hatt ein vinter i huset og vi er veldig fornøgd. Einaste skår i gleda var ein lekasje på taket som gjorde at vi fekk vatn ned i stua. Årsaken var ein bend i eit avløpsrør som hadde løsna under bygging og som har leke heile tida. Når vi fekk snøsmelting blei det ekstra mykje vatn og det var då lekasjen blei oppdaga. No har vi fått retta feilen og skifta nokre gibsplater i taket og to vegger og fått måla heile stuetaket. No er endeleg at fiksa.



Dinesen gulva har krympa bra i vinter, spesielt når luftfuktigheita var nede i 24%.

Vi har brukt peisen mykje i vinter, den funka veldig bra.







mandag 19. oktober 2009

Innflytta!

Det har tatt laaaang tid uten aktivitet her inne og sidan sist innlegg har vi no fått flytta inn, og ikkje minst flytta ut frå leiligheita vi solgte. Kjellaren er no full av kasser som må pakkast ut, men før vi kan få gjort alt det så må vi få skapa vi har bestilt.
Vi er altså ikkje ferdig enda, vi jobba fortsatt kveldane og laurdagane men vi stressa ikkje så voldsomt no sidan vi er i hus. Eg skal fortsatt oppdatere bloggen og legge ut nyheite litt oftare enn sist månad.

Legg ut ein del bilde frå den nye heimen vår, håper du lika dei.



Utstikka ovanfor veranda og soveromsvindu er no kledd. I dag blei veggen ved inngangsdøra også kledd. Vi har også fått opp lameller på stua og plisse på soverom.
Utsikta frå verandaen i 2. etasje i dag.

Entréen med slipt betonggolv


Stua med ein sofa frå LK Hjelle og ein klassisk Siesta frå Vestlandske. Begge to er laga her i Sykkylven og vi har utsikt til begge fabrikkane. Denne eksakte sofaen har også vore i København der den hadde ei lita rolle i TV serien Berlinerpoplene :-)


Ved utgangen til veranda.

"Forstua" i 2. etasje, sett frå trappa


Hovudbadet no med speil


Vi har vente i lang tid på ein vange som var feil, denne har no komt der gammal feil var erstatta av ein ny ein. Difor er ikkje trappa heilt ferdig enda. I tillegg blei glasa til brua knust under transport med Linjegods.

tirsdag 15. september 2009

Stress

Når man skal ferdigstille eit hus, klargjere eit til salg, vere 2 barnsfar og ektemann, jobbe full tid og halde på med Liverpooltur.no på si, samt fyre Svennis på Facebook så er det noko som må vike og i det siste har det blitt blogginga. Men sant å seie så er det ikkje så fryktelig mykje spennande å berette frå husbygginga no. Eg vil heller vente ei vekes tid til vi har flytta inn og då knipse som ein gal og legge ut bilder av eit hus der man faktisk bor i! Ja, eg har ein våt draum om å sete i kjelleren på laurdag å sjå Liverpool på storskjerm med ei kald ei i handa, ikkje umogleg at det kan gå :-)

Men oppsummert, ting som har skjedd sidan forrige innlegg.
Varmepumpa er satt i drift
Vatnet er kobla og varmepumpa produserer varmevatn
Innerdører og lister er på plass i hovudetasjen og i 3. etasje
Parabol og alle kabler og switcher er på plass for TV
Alt golv i hovudetasjen og 3 etasje er ferdige bortsett frå fuging av kjøkkeninngangen, men dette blir gjort onsdag.
Kjøkkenet er snart ferdig bortsett frå ei skapdør som kom med feil mål som må bytast.
X-Comfort er ferdig montert med lysføler for utelys
Svigermor og Birgitte har starta med nedvask av huset
Og sikkert meir eg ikkje kjem på i farta.

I morgon, eller i dag blir det visst sidan det har bikka midnatt, så har vi visning på rekkehuset vårt, prospektet finn du her: http://www.finn.no/finn/realestate/object?finnkode=18954906&folderId=408961 Flott plass å bu, så berre kom med høge bud!


Eit nyvaska stuegolv med lister som saknar eit siste målingstrøk.


Innreiing ved spisestue er no ferdig med lys og det heile. Dette er kjøkkeninnreiing frå Drømmekjøkken, komponert av Ett To Design og snekra ihop av far sjølv.

Kjell Welle i Welle Elektronik har montert parabolantenna og laga til koblingar til alle rom. Denne ryddige installasjonen er montert inne i veggen på kjøkkeninngangen. Parabolantenna er montert på taket ved bakveggen, altså ute av syne.

IT-Kollega Kjetil i PC-Support hjalp meg i dag med installasjonen av nettverk til alle rom.

Gang i 2. etasje. Bad til venstre, Emilie sitt soverom til høgre og mitt og fruens soverom rett fram. Vi har fått på lister etter dette bilde blei tatt.


Armatur på bad.

onsdag 2. september 2009

Mykje lys, men lite varme

I dag blei det endeleg lys i den delen av huset der vi har X-Comfort styring. Terje frå Brekke AS kobla og programmerte dette i dag og det var mildt sagt deilig å sjå lyse flomme ut av lampane. Det fine med X-Comfort er at vi kan velge hvilke bryter skal styre hvilke lys, og at dette kan endrast. Brytarane er trådlause og vi kan plassere dei der vi vil. Vi har også 2 hovudbrytarar som slår av eller på alt lys. Ein vil vi ha oppe (på soverommet kanskje?) medan ein vil vere nede ved inngangsdøra.
Ellers så blei planen med å sette varmepumpa i drift utsatt til torsdag pga sjukdom. Så torsdag blir det forhåpentlegvis både lys og varme som Åge så fint syng.


Fett


Dei innfelte på kjøkkenet, og tilsvarande utanpåliggande lampe under brua. Den siste lampa bråka ein del når den vart neddimma, må sjekke ut kva det skuldast. Reklamasjon kanskje?


Toalett nr 1 er på plass på hovudbadet


På samme bad er dusjen også montert. Den var litt rar, men det gjeng seg nok til så snart eg er vandt med den.

mandag 31. august 2009

Eletriker & Varmepumpe

Torsdag morgon reiste mor & far på ein velfortjent ferie til Russland og der blir dei til søndag. Men eg har ikkje vore heilt aleine opp i huset sjølv om far er på tur. Terje og Stig frå Brekke AS har holdt på med det eletriske og Per Gunnar frå Uri & Sønn har holdt på med varmepumpa og kobla kursar. Tirsdag skal vi fylle kursane med vatn og sirkulasjonspumpene skal startast. Det blir spanande å få varme i golva.
Eg har brukt mesteparten på tia på å måle dørkarmer og lister, og snart er det klart til å sette inn innerdører. Flisleggarane er så og sei ferdig, har berre kjøkkeninngangen igjen, og dei har også fått pussa murane på garasja.


Badekaret på hovudbadet er no kledd inn og flislagt. Armatur er også på plass.


Dei innfeldte lampane på kjøkkenet og på badet i kjellaren ser no slik ut.


Ventilator, komfyr, steikeovn og kaffemaskin er på plass, det same er benkeplata i børsta stål.


Litt av benkeplata, induksjonsplata er ikkje festa enda. Dei klipsa som den skal festast med passar ikkje i plata så vi må få til ei løysing på det.

lørdag 22. august 2009

Theodor

Dårlig med oppdatering av bloggen i det siste og det skuldast at Theodor kom til verda seint laurdag kveld 15. august. Med sine 54 cm og 4260 gram kom han seint men godt, sidan han var 13 dager over tia. Sjølv om eg har vore på fødestua så har far jobba i huset. Oppsummert så er no rekkverk på veranda ferdig, utstikket på spisestua er kledd og måla eit strøk, gipsplater som blei skada av lekasje er bytta og snart ferdigpussa, bambusgolv er lagt på Emilie sitt rom, innreiing på vaskerom og ytterdøra er på plass.


Theodor!!


Ny ytterdør og sidevinduer på plass.


Lyst og trivelig ved inngangsdøra


Jens Arne hjalp til med å montere vaskerominnreiing og å legge golv.

Bambusen på plass på ett av soveromma. Rullen er på 2 meter så uansett korleis vi legg det så får vi ein skøyt men vi prøver å få den så fin som mogleg. Bilde av skøytane kjem nok.

Beslag på plass på rekkverket på takterassen. Far tok mål og Wullum AS produserte dei på timen.


På trappesia av brua valgte vi å gå for ein fast vegg i stadenfor glas.


Første hjørne har blitt kledd og måla.