Vinteren slapp taket i april og da var det bare å sette igang igjen. Vi bestemte oss for å gå for forskalingsblokker der vi la 10 mm armeringsjern på sideveggane og 12 mm på bakveggen sidan den får ei større belastning. Det blir lagt jern mellom kvar rad.
Etter åttande rad bestemte vi oss for å armere hjørna og fylle dei med sement for å stabilisere veggen. Det samme blei gjort 2 plassar på veggane. No er det 6 rader igjen før høgda er nådd.
Vi kom fram til at eit langt og smalt vindu på vestveggen ville gjere seg, så vi laga forskaling for dette.
Forskaling ovanfor vinduet.
Hjørneblokkene var 4-5 mm lavare enn dei andre blokkene og det førte til at vi måtte legge litt mørtel mellom dei for å bygge dei opp. Ellers var blokkene enkle å legge.
Det gjekk ikkje heilt opp i lengda på bakveggen. Her er det bare å forskale før støyping.
Første rad med stein blei støypt for å få eit heilt beint utgangspunkt.
Vi skal ha vannbåren varme og måtte i tillegg borre etter drikkevatn sidan tomta ligg høgare enn drikkereservatet i bygda. Holet til drikkevatnen er på 140m medan energiholet til vannboren varme er på heile 210m. Det er faktisk under havnivå... Norsk Boreteknikk stod for boringa.