onsdag 30. juli 2008

Golv

Ein milepæl blei nådd i dag når vi fekk lagt golvet aust for trapperommet. Så no har 2 soverom, ein "Walkin' closet" og hovudbadet fått golv.
Ellers var det godt og varmt også i dag, men vi klaga ikkje på finevér!


Før golvet kom på plass hadde vi opp limtredragaren.


Dragaren på plass, det same er golvet.


Golvet på badet er ein tomme lavare enn resten av golvet.




Når eg kom opp i huset i dagtidleg lå tåka tjukt over fjorden. 30 minutt etter dette bildet var tatt så var den vekk.

tirsdag 29. juli 2008

Meir bjelkelag

I dag syns eg det var det ein tung dag i tomta. Det er faktisk kjølegare i dag enn i går men eg holdt på å renne vekk i solsteiken. Dette sjølv om det blei ein litt kort dag på meg for eg måtte avbryte arbeidet ein times tid for å kjøpe billettar til Vålerenga - Liverpool neste tirsdag. Eg fekk heldigvis kjøpt :-)
Eg var litt optimistisk då eg trudde vi skulle rekke å legge sponplater på bjelkelaget i dag. I stadenfor fekk vi lagt bjelkelaget i trapperommet. Medan eg sat foran pc'n og kjøpte billettar kom Modulbygg med plater, drager, lim og ei skrumaskin. Det er kjekt å få låne ei slik ei sidan det gjer skruing av sponplater mykje lettare.


Trappa vil kome opp her. Trappa opp til 3. etasje vil gå opp fra det utstikket på venstre side.


Bjelkesko held bjelkane oppe.



Røra kjem opp gjennom reima.

mandag 28. juli 2008

Bjelkelag

Sidan det er sommarferie og strålande vér tok vi fri laurdag og reiste til hytta på Langeneset, og søndag sykla vi til Ona. Men i dag er det mandag og ny økt i huset.

Vi har fått festa bjelkesko og lagt på bjelkelaget på eine halvdelen av huset. I morgon skal vi legge sponplate slik vi får eit skikkelig golv å gå på.


Soveromsdelen er klar til å få lagt gulv.


Baderomsgolvet blir litt lavare pga ein forsenkning i dusjen så her har vi brukt 8" bjelkelag. Resten av bjelkelaget er 9".


Her er resultatet av festing av boltar. Denne bolten set veldig godt :-)

fredag 25. juli 2008

Berande innervegga

I dag starta vi med å sette opp dei berande innerveggane. Det var moro å bruke lufthammeren og den gjorde at det gjekk fort å sette saman veggane. Det var litt pøt å skjere høl i reima med stikksaga slik at røra gjekk gjennom, men det gjekk no seg til det også.


Badet i kjellaren blir inn der vannslangen no gjeng. Avløpsrøra gjeng inn i veggen så vi måtte lage høl i reima for dei. Til venstre for slangen skal der stå ei støtte som held oppe ein limtredrager vi enno ikkje har fått.


Dei berande veggane er no på plass.


Taket på boda som blei støypt på onsdag.

torsdag 24. juli 2008

Rydding

Far har tatt ein velfortjent fridag i dag og reist på hytta så eg har vore aleine i tomta. Jobben i dag var å rydde vekk forskaling og støtter.

Slik blei det sjåandes ut etter alt av hjelpemidler var plukka vekk. Bewiveggen blei heldigvis bra.




Austhjørnet. Ei halv Bewiblokk som skil 1 og 2 etasje.
Eg var litt rask å ta vekk støtta her men den er satt på igjen no. Den skal få stå til betongen er skikkeleg herda.


Ooops, først no oppdaga eg at eg har gløymt å fjerne forskalinga øverst i vinduet til venstre. Ja ja, då har eg noko å gjer i morgon også...


Fundament til berande veggar


Her er det laga ei "dryppfelle" på undersida av taket på boda. Denne hindra vatnet å renne inn til veggen, den drypp istaden rett ned. Luring han far som kom med den.


Taket på boda blei rett og slett strøkent. Eg spylte det og vatnet rann (sjølvsagt) rett veg.

onsdag 23. juli 2008

1. etg ferdig støypt

Då er 1. etasje ferdig støypt og det gjekk ikkje heilt smertefritt. Vi hadde blingsa litt med nokre forskalinger så betongen rann inn i huset via hjørnevinduet og der var ein augneblink eg såg svært mørkt på heile greia. Sidan mykje av betongen på austveggen rann ut så var det ikkje nok betong i bilen for å fylle heilt opp. Så då måtte det handemakt til. Eg spadde betongen opp i ei bøtte og løfta den opp på stilaset der far tok i mot og tømte det ned i veggen. Det blei ei skikkeleg treningsøkt av det men vi fekk opp alt og veggen blei ferdigstøypt. Sidan dette tok litt tid begynte betongen på taket til boda å størkne. Så når vi omsider fekk tid til å rette den av så var den ikkje lett å arbeide med. Men vi kom i mål, svoltne og utslitt.

Planen var å støype heilt opp til nedre kant av vindua på hushjørnet og når vi hadde fylt heilt opp skulle vi støype fundament og tak på bod. I mellomtida skulle betongen i veggane størkne nok til at vi kunne fylle på vidare uten at det rann inn via vinduet. Men vi såg den ikkje var heilt tørr så vi laga ei enkel forskaling som vi trudde skulle halde. Det gjorde den ikkje så da braka hæ^*)*& laust. Vi er hellig overbevist om at betongen vi har fått levert tidlegare har størkna mykje raskare enn den vi fekk i dag, men når det først gjekk som det gjekk så var det bra den ikkje størkna enda raskare for da hadde vi hatt problemer med avrettinga av taket på boda. Men no er det ferdig og vi klagar ikkje :-)
Fotografen hadde reist då forskalinga sprakk så eg har ikkje bilder frå den hendelsen. Like greit kanskje...


Underteikna i full konsentrasjon ved fylling av fundament.





Berre sjøldiggar bilder i dag.

tirsdag 22. juli 2008

Unicon, bring it on

No skal alt vere klart til Unicon kjem med betongen i morgon. Eg hold forøvrig til å gjere det heilt store å rasere heile nesteveggen då eg presterte å rygge ein tilhenger inn i husveggen. Det kom nokre gloser frå underteikna då som ikkje egnar seg på trykk. Men heldigvis fekk vi fiksa skadene og veggen stend like fint.
Ellers har vi brukt dei siste dagane til å forskale fundament til pipa og dei berande veggane. Vi hadde nokre forskalingsblokker til overs frå bygginga av garasja så dei kom godt med no.


Fundament til bereveggane er forskala og klar til støyping. Forskalingsblokkene er 25 cm medan vi har forskala ein mur på 20 cm opp på.


Fundament til pipa.


Avløp frå bad i 2.etg går inn i veggen.

Kløne-Trond på ryggetur.


Heldigvis traff eg midt mellom 2 plastskinner så det var bare å bytte ut sjølve isoporen men det var allikevel hinsides irriterande å prestere dette.


Vi satt på ei forskaling som held isoporen på plass.

lørdag 19. juli 2008

Kort dag

I dag tok eg ein kort dag i tomta, unnskyld, huset. Eg gjorde ferdig armeringa så no er dei vertikale armeringane på plass også. No gjenstend det berre å forskale nokre fundament og endevegga så er alt klart til støyping. Betongbilen kjem på onsdag men skulle gjerne ha komt på mandag for vi kunne vore klare til då. Når alt er støypt vil vi begynde på bjelkelaget som skil etasjane. Det blir stas!



Vinduet i "Master's Bedroom" vil gå heilt ned i golvet og rundt hjørnet.

fredag 18. juli 2008

Klargjering til støyping

No har tomta fått ein ny definisjon, nemleg huset. No er det slutt på å sei at eg skal opp i tomta, no blir det opp i huset. For etter far satt opp treveggen ved inngangspartiet den dagen eg tok meg fri, blei det plutseleg eit hus av det heile. Han hadde gjort mykje torsdagen då eg og familen var på tur, så mykje at eg lurer på om eg berre gjeng i vegen når eg er der.....?
I dag har vi fått klartgjort det meste til støyping. Vi har fått opp skinnene og nokre støtter, fått forskalt vindua og det einaste som manglar før vi kan støype er å få i dei vertikale armeringsjerna.


Slik så det ut på onsdag når eg reiste på ein liten ferietur med familien.


Vindu uten forskaling.


Fronten med inngangspartiet. Jernskinner og forskaling er satt på.


Bjelkane over er satt opp for å kontrollere måla. Det er ikkje så mykje hald i dei men dei bekrefta at framveggen var rett og bein.


Forskaling og støtteskinner.


Eit ferdig forskala vindu. Forskalinga er resirkulerbar og vil bli brukt på vindua i 2. etasje også :-) I tilfelle nokon lurer, nei det skal ikkje vere småruta vindu!


Støttene er enda ikkje festa.

tirsdag 15. juli 2008

Møkkavér

Vi avslutta tidlegare enn planlagt i dag pga det elendige véret. Vi var gjennomblaute begge to og det var lite kjekt å vere ute. Kalenderen viser midten av juli men utifra vind og nedbør skulle man tru det var i midten av oktober.
Men noko fekk vi no gjort før vi ga oss på det. Fader'n kappa til og lødde opp mykje av veggen og vi kan no sjå kvar vindua skal vere. Eg støypte sålen inngangspartiet skal byggast på og så var eg på Modul Bygg å henta material. Det blei ein del vekt på både hengar og bil og eg er glad UP hald seg inne ;-)


Det vil bli to vindu pr soverom. Eit lite og eit større. Det vil også kome eit vindu på begge sidene på hjørnet.


Såle for inngangspartiet.



Vanlegvis fin utsikt men i dag var det ikkje mykje å skryte av. Innimellom byene hadde vi faktisk sol eit minutt eller to. Håper det blir opplett i morgon så vi får opp veggen uten fare for å drukne.

mandag 14. juli 2008

Tak på bod klar til støyping

No er det sommarferie så jobbinga i tomta er no flytta fra kvelds til dagtid. Det betyr fleire timar i tomta og det har verkeleg gitt resultat i dag. I dag har vi støypt ferdig halvrada av bewiblokka på sørveggen, vi har fått forskala, isolert og armert taket på boda, og vi har lødd ei rad med Bewi på sørveggen.



12mm armering er bora inn ca 5-10 cm inn i betongen i husveggen. Langsgåande jern er på 10 mm.


Fleire støtter held taket oppe. Bildet er tatt inne i boda.


Sørveggen sett frå taket på boda. Det lave partiet i midten er inngangspartiet og vil bli ført opp i tre.

søndag 13. juli 2008

Back to Bewi

Laurdag starta vi arbeidet med å røyse framveggen og la første halve rada som vil gå heile huslengda. Ovanfor garasja skal det vere ei foldedør i heile bredda så her blir det berre denne halve rada med Bewi. Inngangspartiet vil bli ført opp i tre men også under her har vi valgt å bruke Bewi. Østre del av huset vil bli ført opp i Bewi i sin heilheit.



Ovanfor garasja måtte det ein del tilpasningar til for å få blokkene til å ligge skikkelig. Garasjetaket er spennbetong og den er 3-4 cm høgare på midten enn ut på kantane så Bewiblokkene måtte tilpassast dette.