mandag 29. september 2008

Takstart

I dag begynte vi så smått på sjølve taket på huset, og det må vi kunne sjå på som ein milepæl. Vi har fått opp ein del av veggane i 3. etasje og konstruksjonen begynde å ta form.
Det begynde å bli noko mørkt når klokka nærmar seg 20 så bilda blir tatt før vi avsluttar for dagen. Vi har fått på meir av takkonstruksjonen enn det som bilda viser no.


3. etasje. Til høgre for den vil det bli takterasse.


Skråtaket over trapperommet tek form.


Taket over verandaen i 2. etasje. Takterassen vil gå litt ut på dette taket.

torsdag 25. september 2008

Golv i 3.etg

Sjølv om eg har vore sjuk den siste tida har framdrifta vore god, og i dag blei golvet i 3. etasje ferdig og Kåre Magne kom å sveisa bjelkane og støtta som skal halde oppe 3. etasje og taket. Han er ein svært dyktig sveisar og kan anbefalast på det varmaste!
Det var veldig moro å kunne gå på golvet i 3. etasje, der utsikta er fantastisk. Vest for denne etasja vil det kome ein takterasse.


Kåre Magne Rønning, en racer å sveise.


Dette skal nok tole ein del.


3. etasje. Herfra vil det bli utgang til takterassen.

mandag 22. september 2008

Småpjask

På laurdag var eg ein tur i huset men forma tillot ikkje så mykje så det blei ein kort dag på meg. Far var der derimot heile dagen, ein dag der vi starta på taket til verandaen.


Dragarane til taket på verandaen er no på plass. Dei er festa til jerndragaren med jernband i tillegg til å vere spikra fast til reima som ligg opp på jerndragaren. Det er som kjent litt vind her på vestlandet så taket må festast skikkelig.



Vi skal sveise på ei 80 x 80 støtte (tilsvarande dei i 1.etg.) på jerndragaren som stikk ut til høgre. Denne støtta skal så sveisast fast i jerndragaren som ligg under golvet der holdet er.

fredag 19. september 2008

Gjestebok

Eg har fått lagt til ei gjestebok nederst på denne sia no i kveld og legg gjerne igjen ein kommentar der. Fann ut at det å legge igjen kommentarar på innlegga krevde at du var registrert som Googlebruker og syns da det blei enklare med ei tradisjonell gjestebok.
Så i kveld er den altså lansert :-)

Så BRUK DEN!!

Hjernbjelkar

Medan eg fortsatt har vore sjuk har far jobba på i huset, og i dag tok han imot Cato fra Thermotank som kom og krana på plass dei siste H-bjelkane frå Wullum AS.
I morgon er eg forhåpentlegvis på beina igjen og vil tilbringe dagen i huset.

Det var eit innlegg i Sykkylvsbladet i dag om bloggen min der journalisten hadde plukka ut ein del bilde herfra og tatt med bildeteksten til dei. Bilda ligg her og om nokon vil studere bilde av Lars Petter og Kjellbjørn i bar overkropp nærmare så er det bare å gå ned på sida her og bla seg fram til det. Klikk så på bilde for å sjå det i stor format ;-)


Her er ein jobb for Kåre Magne, må høyre med han om han kan kome å sveise.


Her ser man alle 5 bjelkane som blei heisa på plass i dag.

torsdag 18. september 2008

Rolig på bloggen

Det har vore lite aktivitet på bloggen siste uka pga reise og sjukdom. Eg hadde ein fantastisk tur til Liverpool sist helg der eg endeleg fekk oppleve seier mot Man utd. Men når eg kom heim bar det rett til sengs med feber og sår hals. Difor har eg ikkje vore opp i tomta på ei heil veke, men det har far og han har verkeleg fått gjort mykje. Han har satt opp dei berande innerveggane samt bygd ein veranda på vestsida av veggen.


Berande innerveggar (Klikk på bilde for full størrelse)


Her går limtredragaren ca 7-8 cm inn i betongen inn i Bewien.


Veranda på vestsida. Når vi har fått fylt i med stein vest for huset vil man kunne gå rett ut på terenget herfra.

torsdag 11. september 2008

Veranda

Det har skjedd lite i huset denne uka pga diverse andre gjeremål men det skjedde no litt i dag. Eg har tetta høla i muren som blei danna under forskalingane og far har starta med verandaen på vestsida av huset.



Eit vinkeljern som held oppe dragaren er skrudd fast i betongen.


På vestveggen har vi satt opp to Bewiplater for å sjå kor høg totalhøgda på veggen blir på den "vestre kuba". Oppå dette igjen vil der kome eit rekkverk i metall på 15-20 cm



Utstikket til høgre er der spisestua vil bli. Kjøkkenet blir der stabelen med pallar står.

No tek eg helg! I morgon er vi ein gjeng som reise til Liverpool for å sjå Liverpool - Man utd så det blir lite aktivitet på bloggen dei neste dagane.

tirsdag 9. september 2008

Rydding og bygging

I dag har eg hatt med meg Emilie opp i huset og vi har vore å levert 2 tilhengara med rusk på miljøstasjonen på Ikornnes. På vei heim siste turen holdt Emilie, på snart 4, på å sovne. For å forhindre det ga eg ho kamera så ho kunne ta bilder for å halde seg våken. Og det gjorde ho til gangs. 77 bilder på ei strekning på 4 km blei resultatet, og dei gir ein fantastisk dokumentasjon av turen. Bilda lagt inn i dag er alle tatt av Emilie, ein komande storfotograf.



Medan Emilie og eg køyrde rusk så bygde far utstikket på kjøkkenet





Eit eksempel på bilde fra turen heim.


Grundig dokumentering også i huset.

lørdag 6. september 2008

Rydding

I dag har vi rydda, kappa, fylt vedsekka og køyrt vekk forskalingstøtte og flaker. Men litt bygging har det også blitt. Vi har fått opp røysverket på utstikket på stua.



Kaspar blei med å leverte flaker og støtter.


Fruen fyller atter ein sekk med ved

Inn i H-bjelken la vi resta av Bewi som isolasjon.




Utstikket tek meir form.

fredag 5. september 2008

Rydding av forskaling

Torsdag og fredag har gått med til å rydde vekk forskaling og stilas. Men far har også fått begynt på verandaen og den tek form no. Laurdag blir ryddedag i og rundt huset.



Under eine vinduet har ikkje betongen vore nok rennande til å dekke alt. Dette må vi fylle i seinare, så eg får slenge på ei elte ein dag.


Eine forskalinga ga litt etter som tidlegare nevt og dette var "skaden" som skjedde. Ikkje verre enn kva ein liten omgang med vinkelslipar fiksar.


Verandaen tek form

onsdag 3. september 2008

Ferdig støypt!!

Endeleg! No er veggane ferdig støypt og etter ein litt forsinka start kom vi vel i mål med god hjelp fra far og Helge. Lars fra UniCon styrte pumpa og dette er noko han verkeleg kan. Han anbefalast på det sterkaste! Makan til presisjon skal man leite lenge etter.

Bortsett frå eit lite feilskjer der vi gløymde å legge på plass ei inspeksjonsluke i forskalinga på baderomsvinduet så gjekk alt som ein draum. Den lilla tabba er ubetydelig og gjer ikkje at vi fekk noko særleg ekstraarbeid, bere litt rot der og då.

Det er utruleg hærleg å vere ferdig med støypinga sidan det er litt nervepirrande og man tenker på alt som kan gå gale. Konklusjonen med Bewi er i allefall positiv, vi kan anbefale denne løysinga! Sidan eg ikkje har jobba med Vartdal Plast eller Sunde sine løysningar så veit eg ikkje korleis Bewi er i forhold, men at den er bra er det ingen tvil om.




Firkantrøra blei fint innstøypt i betongen.



Rett og slett, rett og slett

Her glapp forskalinga liten grande pga vi tok vekk ein del av nedre forskaling for å sjå om det hadde komt nok betong under vinduet. Vi gløymde å legge denne biten på plass igjen i det vi starta med å fylle opp veggen vidare.
Bakveggen med baderomsvinduet nærmast.

tirsdag 2. september 2008

Klargjering til støyping

I morgon når vi ein ny milepel når vi har fått ferdigstøypt veggane. Det har vore kjekt å jobba med Bewi men det er også veldig godt å vere ferdig med det.


Stilasa er på plass og det er også ein haug av støtter.



Vi har lagt to 12mm armeringsjern heilt øverst. I tillegg er der ett par jern ovanfor døråpninga som man ser forskalinga til på bilde

mandag 1. september 2008

Forskaling

Laurdag var det eit skikkelig dritvér då vi dreiv med forskalingsarbeid. Vi fekk opp det meste av forskalinga då og fortsett i dag med å feste dei samt ha opp fleire støtter og stilas. Eg har ikkje bilder frå i dag, kun dei som blei tatt på laurdag, men vi har komt oss litt lenger no og vi vil bli ferdig i god til til støypinga på onsdag.

På begge soveromma vil vinduet gå heilt til taket og det vil ikkje bli støypt eller lagt Bewi ovanfor desse vindua. Her har vi lagt inn 80 x 80 firkantrør for å bere vekta frå taket. Røra vil bli støypt fast i veggen.


Firkantrør levert av Wullum er no på plass men ikkje heilt avretta enda.



Normalt er utsikta ganske så bra på Hjellane men på laurdag var det ikkje mykje å skryte av. Aure sentrum sånn ca midt i bilde.