lørdag 30. mai 2009

Dårleg med oppdatering av bloggen i det siste for vi ha jobba med å platekle kjellaren og det er strengt tatt ikkje så spennande å sjå stadig nye bilder av det vil eg tru.
Vi har no berre våtromma igjen før heile huset er ferdig kledd. Åja, så var det kjøkkengangen oppe som ikkje er kledd enda. Men no er røra til ventilasjonsanlegget, kjøkkenventilatoren og sentralstøvsugaren på plass så da kan vi også kle det rommet.
Vi håper vi blir ferdig med våtromma i kjellaren den komande veka, men da må han bror opp og gjer seg ferdig med rørleggararbeidet.

Men no er det grillfest og helg, strålande sol og kald pils venter!!


Begge soveromma i kjellaren er kledd




Gangen nede er også kledd, og sikringskapet kom på plass fredag. Vaskerom/Teknisk rom i enden.

lørdag 23. mai 2009

Bad

Den siste tia har vi jobba i kjelleren og på badet i 2. etasje. På badet oppe har vi hatt på Wedi plater i dusjen og no er alt der klar til flislegging. Vi har kledd bodene i kjelleren med sponplater og starta så smått med å kle badet i kjellaren med rupanel. I dag har vi jobba med vaske/teknisk rom der vi har kledd ein vegg med vannfast spon og fora ut ein vegg der innreiinga skal vere. Vi har også flytta ein vegg mellom vaskerommet og eine soverommet for å få meir skapplass på vaskerommet.


Bakveggen er kledd med vannfast spon. Veggen til venstre fora vi ut for å få plass til vannledninger og diverse installasjoner.



Austveggen på vaskerom/teknisk rom er fora ut og så snart rørleggerarbeidet er gjort vil vi kle den med vannfaste sponplater.


Vi flytta veggen bakover og stjal litt plass på soverommet for å få meir skapplass på vaskerommet.


Dusjen på badet i 2. etg er kledd med Wediplater.


Bodene ferdig kledd. Sponplater på vegg og gips i tak.


Ventilasjonsanlegget og sentralstøvsuger på eine boda.

lørdag 16. mai 2009

2. etasje ferdigmåla!!!

No er målarane ferdig med hovudetasjen og det ser veldig bra ut! Dei blei ferdig med dette på fredag.
I dag har eg og far hatt ein veldig effektiv dag der vi fekk platekledd både vegger og tak i kjellerstua. Her er det ikkje så mykje kriker og kroker så vi fekk jobbe mykje med heile plater. Sjølv om det strengt tatt var altfor fint vèr til å jobbe inne så hadde vi ein effektiv dag :-)


Bare ein stabel igjen med gipsplater no.


Baksida av garderoba ved inngangsdøra. Den skjuler også luftinga til peisen oppe.


Kjellerstua sett frå garasjetaket.




I går fekk vi eit halvt tonn med fliser til bada oppe og nede, og eg gjekk meg på eit aldri så lite svettebrøt....


"Forstua" er ferdig


Ikkje så lett å sjå her men dragaren er samme farge som veggen

torsdag 14. mai 2009

Stua ferdig måla

Da er stua ferdig måla, og vi er ferdig med å platekle gang og toalett i kjellaren. I morgon starta vi med å platekle kjellerstue.


Stua sett fra spisestua



Flott vèr i dag, og mykje sol inn på stua. Partiet foran trappa og kjøkkenet er ikkje ferdig måla enda.


Bakveggen med vindu. Til venstre for det er kontoret, som også er ferdig måla.


Kjøkkenet. Lamper og avtrekk på plass i taket. Til høgre er nisja der kjøkkeninnreiinga skal stå

lørdag 9. mai 2009

Gips i kjellaren, del 1

Ein effektiv dag i huset i dag der vi fekk kledd både vegger og tak i entrèen nede. Her er ein del kriker og kroker med nedforinger pga ventilasjonsanlegg og lufting til peis. Men metoden med å bruke vinkelhjern og skru gipsen fast i dette gjer at ting gjeng fort.

Men først litt bilder av 2. etasje som er snart ferdigmåla av karane til Lars Lindvik AS


Taket under trapperepoet, vinduet til venstre. Som sagt, VELDIG godt fornøgd med detaljen der taket gjeng heilt ut i vinduet.


Emilie sitt rom


Vindu mellom soverom og "Walkin' closet"


Emilie sitt rom igjen, ferdigmåla!! Kun golvet igjen her no.
Når Birgitte ser dette kjem ho heilt sikkert til å sei at eg ikkje må legge ut bilder på nett der man kan sjå kor skitne vindua er ;-)

Hovudbadet har fått seg sitt første strøk måling


Lampa i taket, innfelt og fin.

Så til dagens aktivitetar.

Ved siden av inngangsdøra er der ein liten huk som vil fungere som garderobe. Røret i taket er luftinga til peisen på stua. Her har vi hatt på vinkeljern ved taket for å lage ei nedforing for å skjule røret. Nedforinga er i samme høgde som nedforinga ved den større garderoba på andre sida av entréen. Denne må vere lavare pga ventilasjonsanlegget. Sjå lenger ned så skjønna du :-)

Vi fester eit vinkeljern der frontplata og taket inne i huken gjeng ihop.


Ferdig kledd og røret er skjult.


Sidan vi skal ha skyvedører foran garderoba har vi hatt opp ein 1,5" 4 " for å få skrufeste for skyvedørene

Vinkeljerna fra stenderen og bak til veggen er på, denne vil knyte sammen vegg og tak inne i garderoba


Ferdig kledd


Gangen ved inngangsdøra. Trapp opp er til venstre


Inngangsdør til venstre, kjellerstua rett fram gjennom døra.

torsdag 7. mai 2009

Ferdig i hovudetasjen

Onsdag blei vi ferdig med veggane og vindua i hovudetasjen og starta med å flytte ting ned i kjellaren. Vi vil starte med kle taket i kjellaren på fredag.
Målarane blei også ferdig med å måle soveromma oppe så dei manglar kun golv og det eletriske no. Heldigvis så slepp vi unna med kun golvlister så vi sparer litt tid der.


Soverommet er ferdig måla!!


Vinduskarmane blei stilige syns vi


Reine og fine linjer med vindu uten lister.
Badet er ferdig kledd med gips, men vi skal ha ein annan type plater i dusjen, kjem ikkje på navnet på dei no. Det skal bli kledd med flis opp til gipsen.

Veggen der badeinnreiinga skal stå er fora ned. Under nedforinga vil det ver speil med skap bakom, speilet vil gå like langt ut i rommet som foringa. I taket er der innfelt ei taklampe lik rommets bredde.