Torsdag morgon reiste mor & far på ein velfortjent ferie til Russland og der blir dei til søndag. Men eg har ikkje vore heilt aleine opp i huset sjølv om far er på tur. Terje og Stig frå Brekke AS har holdt på med det eletriske og Per Gunnar frå Uri & Sønn har holdt på med varmepumpa og kobla kursar. Tirsdag skal vi fylle kursane med vatn og sirkulasjonspumpene skal startast. Det blir spanande å få varme i golva.
Eg har brukt mesteparten på tia på å måle dørkarmer og lister, og snart er det klart til å sette inn innerdører. Flisleggarane er så og sei ferdig, har berre kjøkkeninngangen igjen, og dei har også fått pussa murane på garasja.
Badekaret på hovudbadet er no kledd inn og flislagt. Armatur er også på plass.
Dei innfeldte lampane på kjøkkenet og på badet i kjellaren ser no slik ut.
Ventilator, komfyr, steikeovn og kaffemaskin er på plass, det same er benkeplata i børsta stål.
mandag 31. august 2009
lørdag 22. august 2009
Theodor
Dårlig med oppdatering av bloggen i det siste og det skuldast at Theodor kom til verda seint laurdag kveld 15. august. Med sine 54 cm og 4260 gram kom han seint men godt, sidan han var 13 dager over tia. Sjølv om eg har vore på fødestua så har far jobba i huset. Oppsummert så er no rekkverk på veranda ferdig, utstikket på spisestua er kledd og måla eit strøk, gipsplater som blei skada av lekasje er bytta og snart ferdigpussa, bambusgolv er lagt på Emilie sitt rom, innreiing på vaskerom og ytterdøra er på plass.
Theodor!!
Ny ytterdør og sidevinduer på plass.
Lyst og trivelig ved inngangsdøra
Theodor!!
Ny ytterdør og sidevinduer på plass.
Lyst og trivelig ved inngangsdøra
fredag 14. august 2009
Vannlekasje
Det vart nokre saftige gloser under jobbinga på kjøkkenet og spisestua i dag då vi oppdaga at dagens enorme nedbør hadde komt ned i taket på kjøkkenet. Det var, for å sei det mildt, for jævlig å oppdage at sparkelen mellom nokre plater var våt.
Lekasjen skuldast nok rekkverket på takterassen, vi oppdaga fukt innanfor duken som var montert. Vi tekka rekkverket igjen og fekk på nokre beslag på toppen for å unngå meir lekasje.
Ellers fekk vi levert benkeplata på kjøkkenet tidlegare i veka. Vi fekk beskjed fra produsenten av plata i Danmark at den blei forsinka og ikkje levert før etter ferien og pga dette gjorde vi om prioriteringa og jobba for det meste ute i sommar. Når vi etter ferien høyrde igjen med produsenten når vi fekk plata så kunne dei opplyse at den var sendt før ferien, noko dei ikkje hadde sagt til oss tidlegare. Etter litt undersøking fann vi ut at plata hadde stått hos transportøren i Straumgjerde sidan begynnelsen av juli. Vi blei rimeleg irritert når vi fekk vite at plata sto berre ei mil unna, og i tillegg når vi fekk den i hus oppdaga at den lange lagringa har gjort den skeiv. Plata blei montert i ei skråstilt ramme då den blei sendt frå Danmark og tydelegvis blir ei sponplate kledd med 2 mm stålplate skeiv av å stå på skrå. Vi har satt plata i spenn no for å rette den opp igjen, noko som forsåvidt går greit.
Sparkelen mellom gipsplatene gjekk i oppløysing av vatnet som kom fra oven
Forhåpentlegvis er det nok å sparkle igjen sprekka etter at alt har tørka opp. Sjølve gipsplatene verkar å vere uskada.
En stk benkeplate satt i press

mandag 10. august 2009
Eletrikeren er her
I dag har det vore aktivitet med både flisleggere og eletriker. Sistnevnte jobba i kveld medan far, mor og eg også var der. Far jobba ute med utstikket på spisestua, mor grunna panel medan eg måla sistestrøket på austveggen på utstikket på stua + sysla med baderomsinnreiinga. Stig fra Brekke AS monterte kontakter på kjøkkenet og fekk opp eit par lamper. Flisleggarane er ferdig med å fuge på badet oppe.
Utstikket på stua er no FERDIG, JIPPIE!!! eller, der skal på nokre beslag på taket der og så kassekledning under..jaja, nesten ferdig i hvertfall.
Muren inn til panelet er måla.
Veggen mellom veranda og utstikk er ferdig måla, det samme er utstikket og treveggen ved veranda.
Vasken er på plass på badet og den reiser ingen vei. Sidan det ikkje var etter planen å ha fliser på sideveggane blei innreiinga litt for brei, den er difor blitt "flisa inn" og skal den ut av rommet så blir det som pinneved. Vi fekk justert dørene akkurat nok til at dei går opp og resultatet blei egentleg veldig bra.

Stig har montert den første lampa mellom kjøkken og spisestue.
Vasken er på plass på badet og den reiser ingen vei. Sidan det ikkje var etter planen å ha fliser på sideveggane blei innreiinga litt for brei, den er difor blitt "flisa inn" og skal den ut av rommet så blir det som pinneved. Vi fekk justert dørene akkurat nok til at dei går opp og resultatet blei egentleg veldig bra.
onsdag 5. august 2009
Panel og atter panel
Vi har vore heldig med véret i det siste og har difor holdt til utandørs med å få på panel og få denne måla. 3. etasje er no ferdig kledd og treng bare eit strøk til med måling, og vi har no starta med utstikket på stua.
3. etasje ferdig kledd, bare ett strøk måling og kassekledning som mangler her no. Vindskeia blei måla etter bildet er tatt, og ja, det skal eit beslag på den også. Pipa kjem opp der bøtta står.
Fronten på utstikket er kledd og fått seg eit strøk måling. Veggen på veranda mot stua er måla med to strøk, så der fekk vi sjå korleis kontrasten mellom mur og tre blei, noko bildet under viser.
Dette funker veldig bra.

lørdag 1. august 2009
Øya
Terje og Kjellbjørn kom ein tur tidlegare i veka og hjalp med å bere opp øya på kjøkkenet. Denne har vi no pakka ut og satt på plass, men sidan benkeplata som skulle kome før ferien ikkje er på plass enda får vi ikkje gjer stort meir. I dag fekk vi på plass platene på rekkverket på takterassen også. No gjenstend det å måle platene og få på ein 2x6" topplist som eit metallrekkvert skal festast i.
Øya på plass, utan sokkel og benkeplate.
Oppvaskmaskina skal inn i åpninga.
Rekkverket på takterassen tek form.
Øya på plass, utan sokkel og benkeplate.
Oppvaskmaskina skal inn i åpninga.
Rekkverket på takterassen tek form.
Abonner på:
Innlegg (Atom)