tirsdag 31. mars 2009

Installasjon av varmepumpe

Mandag blei varmepumpa installert av Bjørn i Energi-Spar. Den er no operativ og klar til å koble på kursane som skal gå rundt i huset. Freezeum til brina er fyllt opp og der går sirkulasjonen. Tanken på 360 liter er fylt opp og oppvarma. Pumpa står og går no sjølv om ikkje kursane er kobla til, dette for å få igang sirkulasjonen og få ut luft i røra som går ned i brønnen.


Ekspansjonstank for brønnkursen oppe til høgre. Sirkulasjonspumpene er dei grøne du ser inne i skapet.


Røra til brønnen er kobla til. Boksen som er kobla til kursen til bada er ein Elysator som hindrer smuss og groe i røra. Sidan vi har denne kan vi ha reint vatn i røra inne i huset og difor ha lågare temperatur enn om det var frostveske i dei. Elysatoren er ikkje festa, den er bare satt på for syns skuld. Den skal ikkje stå sånn på skakke.

mandag 30. mars 2009

Straffer på Anfield

Det er mange som vil sjå videoen av meg og Jan Halvard som tek straffer i pausa på kampen mellom Liverpool og Aston Villa (5-0) så eg legg den ut her. Har lite med bygging og gjer men sidan det er min blogg så gjer eg som eg vil ;-)

Vi stiller i grøne (store) bortedrakter og vi fekk heile settet til odel og eie. Det skal innrammast og henge på TV-stua i kjelleren der eg skal sete å sjå Liverpool håver inn titler i åra som kjem.


Det er bror min Jens Arne som er bak kamera (eit kompakt fotoapperat) og han og min andre bror Lars Petter sat på The Kop når eg var ut på bana og blei tomålskårer.

søndag 29. mars 2009

Gips i trapperom

Fruen og eg spaserte opp i huset i dag og tok nokre bilder og inspiserte kva far hadde gjort i går når eg jobba med rekneskapet til Liverpooltur.no. Han hadde satt opp halvveggen mellom brua og 3. etasje og platekledd denne.


Vegg mellom 3. etasje og brua er no på plass.






Trapperommet med det øvste vinduet. Repot for trapp vil kome under dette.

onsdag 25. mars 2009

Tilbake til kvardagen

I går var vi tilbake med jobb og husbygging igjen, etter ein fantastisk tur til Liverpool der eg og min kompanjong i Liverpooltur.no, Jan Halvard Holmøy var ut på matta i pausa og tok to straffer kvar mot sjølvaste The Kop. Dette var enormt stort for oss og var eigentleg ein bisarr opplevelse, aldri før har vi vore framfor nesten 45 000 personer. Det var deilig å dunke inn begge straffene, og få applaus fra The Kop er noko eg aldri vil gløyme. At Liverpool banka Aston Villa 5-0 gjorde dagen komplett. Men sjølv om eg på langt nær har landa er vi tilbake til kvardagen no.

Gårsdagen gjekk med på å kome igang igjen med å platekle veggane. I tillegg var Målermester Lindvik i gang med å sparkle romma vi var ferdig med, noko han fortsatte med i dag. Vi har no starta å platekle trapperommet og starta med det ovanfrå.
I dag fekk vi også lampar frå Deltalight og vi vil no plassere dei så eletrikeren kan gjere seg ferdig så vi får platekle.
I dag kom også varmepumpa, eit beist frå Ekowell i Finland på 330 kg. Heldigvis har eg gode kompiser som kom og hjalp meg med å få inn beistet, noko som gjekk overraskande lett. Kjekt med god hjelp!


Marius, Arild, eg og Lars Petter dreg varmepumpa opp bakken med Geir Helge gøymer seg bak den.


Varmepumpa på plass. Dette er ei Ekowell EVT 500, ei vatn-til-vatn pumpe.

onsdag 18. mars 2009

Gips ved brua

I kveld blei vi ferdig med å kle veggen mot verandaen i 2. etasje. Denne veggen gjeng opp til takvindua i 3. etasje og er over 2 etasjer, så det utgjorde ein stor forskjell å få denne kledd.
Vi har også fått "dytta" ein del av vindua i 2. etasje som no er ferdig isolerte.


Veggen mot sør med takvindu og utgang til altan i 2 etg.


Veggen mot sør på laurdag, før vi fekk kledd den. Trapp ned til brua til høgre.


3. etasje er no snart klar til sparkling og maling. Einaste som gjenstår her er platene rundt vindu og dører..... + litt rydding.

lørdag 14. mars 2009

Kort dag i huset

I det siste har vi jobba med montering av ventilasjonsanlegget og kleing av gipsplater.
Far og eg rakk å bli ferdig med å kle tak og vegger i 3. etasje før vi avslutta for å rekke fotballkampen mellom Liverpool og Man. Utd.

Sidan far er Unitedfan skal eg ikkje hovere så mykje, vi Liverpoolsupportere veit at hovmod står for fall, men syns kommentaren til Steven Gerrard til Sky Sport etter kampen oppsummerte det bra. "It's good to come here and wipe the floor with them" :-)


Taket i 3. etasje torsdags kveld. Plast før plater, heilt etter boka.


Vi har eit lite problem med å få kobla lydfellene til aggregatet (Systemair VR-700 DCV) sidan lydfellene er 25 cm i diameter og avstanden mellom dei 20 cm utgangane på aggregatet bare er eit par cm. Vi har dårleg med plass så vi må få laga ein overgang, som tek liten plass, så vi klarer å forskyve eine utgangen nokre cm utan at det gjeng utover arealet i røret.
Sentralstøvsugaren (Foma 1900w) vil stå ved sidan av ventilasjonsaggregatet i ei bod i kjellaren.

søndag 8. mars 2009

Gipskledning

I det siste har vi jobba med å få gipsplatene på plass på vegger og tak på soverom i 2. etasje.


Emilie tester ut ei prøve på bambusgulv i 3. etasje.


Soverom i 2. etasje ferdig kledd.


Walking Closet


Emilie og meg var bort i skogen og henta noko rusk vinden hadde tatt med seg. Sett frå soverommet.


Koblingskap for vannboren varme i 2. etasje. Denne skal forsyne stue, kjøkken og 3. etasje. Legg merke til klasen med trekkerør ovanfor skapet, dette er til TV signal. Sidan vi legg opp til TV i alle rom må det vere tilsvarande rør ut til parabol, og eit par ekstra om det skulle kome noko nytt på TV-fronten som treng rør..

onsdag 4. mars 2009

Gipsplater

Eletrikaren har i det siste jobba med å legge opp trekkerør for TV, data, brannvarslar og straum. På soveromma i 2. etasje er alt dette no på plass og vi har difor starta med å få opp gipsplatene.


Takplatene og ett par veggplater er på plass på "Masters Bedroom".


Spikerslaga vi festar gipsplatene til er montert på toalettet i kjelleren. Her skal taket vere nedfora for å få plass til ventilasjonen. Her skrur vi berre gipsplatene rett i metallet, og det set som berre juling. Samme metode vil bli brukt alle plasser for å binde vegg og takplater skikkeleg saman.


Vi har også fått satt opp røra til sentralstøvsuger. Vi klarer oss med eit uttak pr etasje så det blir ikkje fleire enn tre tilkoblingspunkt for slangen. Dette er plassert ved sidan av trappa, som igjen er midt i huset. Støvsugaren vil stå i samme bod som ventilasjonsanlegget.


Vi har laga ein boks for innebygging av ramma til toaletta. Denne har så blitt påsmørt membran før sjølve ramma har blitt festa.