Det har vore bra vèr dei siste dagane så vi har jobba ute. For å nå tak i veggen ovanfor takvindua måtte vi lage eit stilas som blei veldig bra, sjølv om kanskje ikkje arbeidstilsynet hadde applaudert høglydt.
Vi har også fått opp "sementplater" på rekkverket til takterassen og etter disse er pussa vil dei gå i eitt med muren under. Platene er rundt heile rekkverket på insida, og på utsida over utstikka på stua og spisestua.
Nord, aust og sørveggen på trapperom/ 3. etasje er no ferdig kledd og måla. Fargen er ikkje så mørk som bilda gir inntrykk av. Vi har også fått opp utkastet til ventilasjon (ovanfor inngangsdøra), kjøkkenvifte og sentralstøvsuger (på nordveggen)
Eit dønn solid stilas for å nå tak i veggen ovanfor takvindua.
Kassekledning i naturtre, kun grunna med Visir. Beslag er også på plass no men nedløpet til takrenna er enda provisorisk.
fredag 31. juli 2009
søndag 26. juli 2009
Baderomsinnreiing
Fredag gjekk med på å panelkle austveggen på trapperommet og 3. etasje og beise disse. Vi skulle fortsette med dette arbeidet laurdag men véret tillot ikkje det så vi starta med å sette på plass baderomsinnreiinga og kjøkkenventilatoren.
Innreiinga er teikna av Ett To Design og er produsert av Tusvik Industri i Sykkylven. Legg merke til at strukturen i treet på skapdørene på underskapet heng saman. 4 av dørene på overskapet skal det monterast speil på.
To doble kontakter er skjult inn i skapet.
Ventilatormotoren er på plass, hetta står på golvet og vil ikkje bli satt opp før øya er montert.
Skap på toalettet i kjellaren.
Vi monterte på frontane på peisen også, så no er den ganske så komplett.

torsdag 23. juli 2009
Dinesen = Complete
Da er vi ferdig med behandlinga av Dinesen golva og det var ein tidkrevande prosess. Etter dei var lagt blei dei slipt, så luta, så pussa lett med 120 papir, så vaska ein gong med 50/50 såpe og vatn så til slutt enda ein gong med 25/75 såpe og vatn. Resultatet blei svært bra men eg blei passe dritlei alt dillet.
Dei siste dagane har mor har stått på garasjetaket med lydboka si å grunna panelen til ytterveggane, og før panelen knapt var tørr spikra far den opp på veggen bak huset. Eg fekk tatt første strøket beis på den før vi tok kvelden i dag. Dei nødvendige beslaga er også på plass på bakveggen.
Treveggen kledd og første strøk beis er påført.
Stuegolvet ferdig behandla.
Bilder i tidlegare innlegg viste ikkje beslaga på bjelkane på verandaen, så her er dei.

mandag 20. juli 2009
Sliping av tregolv
Svein Flaate var på pletten i dag og slipte stuegolvet så det no er klart til luting. Eg pussa trappa for hånd medan far monterte dreneringsplater for verandaen på stua. Sidan han hadde planer om å jobbe ute i dag så blei det sjølvsagt regnvér.
Svein i flott driv over stuegolvet
I følge sliperen sjølv så blei golvet vårt slipt av ein pensjonist i rullestol :-)
Platene er festa mellom dragerane og fanger opp vatnet som renn mellom verandadekket.
Beslag inn mot vegg er montert.
Undersida av verandaen. Platene heller mot veggen slik vatnet renn inn dit. Her vil det kome ei takrenne som vil bli skjult av kledinga under.

søndag 19. juli 2009
Klart til sliping av tregolv
Dårleg med oppdatering i det siste sidan vi har jobba med masse smådill som eg ikkje gidd å legge inn her, men vi er ferdig med å legge rør til vannbåren varme og vi er ferdig med å legge Dinesen tregolv. JIPPIE!!! Det gjekk veldig greit å både legge rør og golv med det er utruleg deilig å vere ferdig med det også. På mandag skal tregolvet slipast, då kjem Svein Flaate og gjer dette. Når han er ferdig så må eg lute golvet før det blir finslipt ein siste gong.
Når dette er gjort så vil vi starte med øya på kjøkkenet. Medan Svein slip golv vil vi starte med å kle veggane ute så vi håper det blir bra vér i morgon også.
Fredag var mor i full gang med å grunne panelen til utstikket på stua og spisestua.
Dinesen på plass
Spisestua

tirsdag 14. juli 2009
Forsinkelser og diverse
Det har gått ei stund sidan eg oppdaterte bloggen og dagens innlegg blir dessverre utan bilde sidan kamera ligg igjen i huset...
Arbeidet i det siste har gått med på å kle kjøkkeninngangen med gips på vegger og golv. Vi skal støype ei plate her og flislegge og for å bygge opp golvet litt la vi ei gipsplate der. Gipsplata er no smørt med membran og når vi får lagt ned røra til varme så skal vi støype golvet. Vi kledde inn inntak og utblåsrøra til ventilasjonsanlegget etter at disse vart isolerte.
Ellers har vi fått lagt alt av Dinesen bortsett fra kontoret ved stua og eine reposet i trappa. Vi blei ferdig med trappa i dag, ei trapp som forøvrig blei justert og festa på laurdag. Den manglar no berre glasrekkverket men der er nokre hol på yttervangen som ikkje stemmer så vi må få til nokre korrigeringer der.
No er det sommerferie og i morgon drar fader'n på Molde-Jazz så då brukar eg og fruen dagen til å reise til Ålesund og shoppe litt lamper og sjå på garasjeporter.
Ellers fekk vi melding før helga om at benkeplata på kjøkkenet er forsinka og blir ikkje levert før over ferien, så da ryk nok sjansen om å få flytta inn før fruens termin 2. august.
Ellers har mor starta med å grunne listene rundt innerdørene i dag, og så snart vi har måla karmane så blir det montering av dører og lister.

mandag 6. juli 2009
Golv og kjøkken
Mandagskvelden gjekk med på golvlegging i gangen mellom soverom og bad, og å sette på plass høgskapa på kjøkkenet.
Gang før legging
..og etter legging.
Vi fekk på planken foran trappa opp i 3. etasje også. Planken i gangen ligg jamnt med planken på stua, ingen forskyvning av noko slag der.
Vi satt på plass høgskapa på kjøkkenet også i kveld. Vi har ikkje justert og skrudd dei saman enda, men no har vi i allefall fått dei ut av vegen.

Til høgre skal kjøleskapet stå (hylla er bare transportsikring og skal vekk), ved sidan av den skal ein mikrøbølgeovn stå, denne blir skult bak ei dør, og under skal steikeovnen vere. Skapet i midten skal kaffemaskina stå. Eller var det omvendt? jaja, vent å sjå.
Kjøkkenet er forøvrig eit Drømmekjøkken leverert av Uri & Sønn AS i Sykkylven.
søndag 5. juli 2009
Golvet på stua ferdiglagt
No er vi ferdig med å legge golv på stua og spisestua. Det gjekk egentlig ganske smertestilt men der var eit par bord som måtte kappast og tilpassast ein del. Ellers går borda veldig fint ihop, og sidan dei er 30cm breie så går det ganske fort å få lagt eit heilt golv.
Ellers er eletriker snart ferdig med installasjonen oppe, kontaktene er på plass og den innfelte belysninga står for tur.
3 av borda er på over 9 meter, dette for å unngå at det blir skøyter.
Nokre av borda måtte tilpassast ein del, også dette på over 9 meter. Det er lite rom for feil, vi har ikkje akkurat slike bord liggande.
Passa perfekt det der...
Golv mellom veranda og kjøkken.

torsdag 2. juli 2009
Golvlegging, stue
I går starta vi for alvor å legge Dinesen golva og det funka veldig bra. Dei var lette å legge og gjekk veldig fint ihop. Det blei en kort dag i huset for min del i går for vi fekk besøk av meglar som skal gi oss eit tilbod på salg av rekkehuset på Grebstadhagen der vi bor no. Dagen i dag blei også ganske kort for vi sjøsatte båten til far og tok ein liten tur på fjorden og kappkøyrde med eit digert turistskip som kom seilande ut fjorden frå Geiranger. Litt moro må man ha sjølv om man bygg hus.
Eg skrur medan Emilie testar dei nylagde plankane
Silencioplater, varmefordelingsplater, varmerør, lekt, ullpapp og til slutt golvplanken.

Abonner på:
Innlegg (Atom)