søndag 25. januar 2009

Isolering i kjelleren

Sjølv om eg har glimra med mitt fråver så har det skjedd mykje i huset den siste veka. Arne var der å jobba saman med far og Lars Petter på laurdag og dei har fått opp isolasjon på kjellerstua, lekta tak, satt i sluk og laga til lufting for peis.


Taket i kjellerstua er isolert og lekta.




Luftekanal til peisen på stua, sett frå kjellaren. Denne går rett ut veggen og blir liggande under dekket på verandaen, godt skjult.

onsdag 21. januar 2009

Kjeller

Sjølv om eg har vore lite aktiv denne veka, og kjem til å bli det ut veka, så har far gjort mykje godt arbeid i huset. Han har blant anna fått opp veggplater på veggen der varmepumpa skal stå på teknisk rom slik at vi kan flislegge dette partiet og få inn pumpa. Vi kan ikkje sluttføre rommet før rør i alle golv er på plass, men sidan vi vil ta pumpa i bruk i kjellaren så klargjer vi alt rundt pumpa no. I tillegg så har han begynt med rominndelinga i kjellaren.


Dei svarte røra opp fra golvet kjem frå energibrønnen. Det framom er sluken. Det nederste grøne røret er kaldevatn inn til varmepumpa, og det øverste er der varmevatnet vil gå ut.
Ekowell har to uttak for varmevatn, eit for varmt og eit for lunka. Dette har eg gløymt å fått klarlagt oppdaga eg her no..... Der må vere eit uttak til på 140cm frå golvet, men korleis skal man blande det varme og det lunka vatnet? Dette må eg finne ut av.


Lars Petter har laga ei svært så ryddig kobling for vatnet.


Veggen mellom garderobe, toalett og kino er satt opp. Kino vil vere der isolasjonen ligg, der dissa blå sekkane og bukken står vil det kome boder. Der røra er og spikerbelte til far ligg vil toalettet vere, og der lampa står kjem garderoba tilknytta hovudinngangen. I boda bak toalettet vil ventilasjonsanlegget stå, så her blir det ein del rør til i tillegg til dei to som visast her.

lørdag 17. januar 2009

Skyvedører

Fredag blei skyvedørene til "Hagestua" i kjelleren montert, og med dette er alle vindua på plass. Vi har også fått opp alle stenderane til veggane i 2. etasje og vil over helga starte med det same i kjellaren. Lars Petter er også godt i gang med rørleggerarbeidet og fått på plass det meste av vanntilførsel til badet i 2. etasje og tekniskrom/ vaskerom.


Skyvedører på plass. Alle tre blada kan skyvast så vi kan velge kvar åpninga ut blir.


Dei nye vindua sett innanfrå. Pallane som ligg på garasjetaket held på plass duken som ikkje er festa enda.


Skyvedørene og det nyslipte golvet. Fin kombinasjon :-)


Utstikket på stua kom meir til sin rett no når vindua nede også er på plass.


Bruder'n er godt i gang med rørleggerarbeidet.


For å unngå ein kant på veggen ned mot utstikket så har vi lekta ut veggen for å få den rett og fin. Dette gjer også eletrikerarbeidet lettare sidan vi slepp å slisse ut Bewien.

onsdag 14. januar 2009

Rominndeling 2. etg

No er alle rom i 2. etasje oppdelt og mesteparten av stenderane er på plass. Vi er også ferdig med å isolere taket så no ligg der 40cm med isolasjon på taket.
Lars Petter er i full gang med rørleggararbeidet og der er ein del arbeid knytt til dette.


Taket er no ferdig isolert.

søndag 11. januar 2009

Ferdigslipte golv

No er golvet i kjelleren og på kjøkkenet ferdig slipt. Resultatet blei bra men der var litt pora på kjøkkengolvet. Disse blir visstnok fylt opp av eit middel som er i den spesialsåpa man skal bruke på golvet. Så golvet skal bli finare og blankare etter bruk.

Det var ikkje meininga å ha vannbåren varme i golvet på 3. etasje då vi trudde det ikkje ville vere behov for det. Men etter å ha høyrt fra folk med vannbåren varme så har vi lært at varmen ikkje stig opp som ved vanleg tradisjonell varme. Difor kan vi risikere at det er golvkaldt i 3. etasje, noko vi sjølvsagt ikkje vil det skal vere. Men sidan golvet er beregna med ei høgde utan varmerør i så måtte vi legge røra under golvplatene. Dette er ikkje idéelt sidan vatnet i røra må ha ein litt høgare temperatur for å kunne avgi like mykje varme som om dei lå opp på golvplatene.


Kjellargolvet


"Close up" av det slipte golvet


Røra til vannbåren varme er festa med nokre metallplater under golvplatene til 3. etasje. Ventilasjonskanalen til stua er også på plass.


Etter røra var på plass isolerte vi taket med 10 cm Rockwool for at varmen ikkje skal trekke ned, men opp i golvet.


Far har også laga trapp fra "Brua" og opp til 3. etasje. I kroken til venstre for trappa vil vi lage ei bokhylle, men dette er ei stund fram i tid.


Taket på stua er no lekta og isolert.

mandag 5. januar 2009

Slipt golv og innervegger

I romjula har vi tatt det bittelitt piano oppe i huset men noko har vi fått gjort. Vi har lekta ferdig taket, starta med å få opp innervegger i hovudetasjen og vi er igang med å isolere taket. I tillegg har karane frå Betongservice nesten ferdigslipt kjøkkengolvet.
Vi har også hatt besøk av Trine og Elling i Ett To Design http://www.ett.to/ som hjelp oss med løsning på kjøkkenet og alle bad, samt uttak av farger og materialer til det meste rundt om i huset. Vi gjekk gjennom forslaga i går og det såg veldig bra ut og vi gleder oss til å få ting på plass.


Vegg mellom soveromma og gang ut til stua


Innervegger tek form


Kjøkkengolvet


Trine & Elling i Ett To Design.