onsdag 27. august 2008

Forskaling og armering

Vi starta med å forskale alle endeveggane og vindua i dag og vil halde på med det dei nærmaste dagane.
Vi har armert veggane i 2. etg. med 2 x 12 mm jern kvar 60 cm og har i dag festa 2 vertikale 10 mm jern i kvar endevegg og ved dørkarmane. I tillegg har vi lagt inn 2 ekstra 12mm jern ovanfor dei små soveromsvindua.

tirsdag 26. august 2008

Vindskade

Mandag skjedde der fint lite av konstruktiv art i tomta. Derimot satte vérgudane inn eit lite stunt med sol, 24 grader og fønvind og blåste ned to av veggane eg lødde opp laurdag. Eg burde sjølvsagt montert på støtte med sidan det nærma seg avspark på Anfield så måtte eg berre reise. Så dagen i dag gjekk med på å få oppatt veggane og bytte ut eit par element som blei ødelagt av fallet. Ellers har vi fått saga ut vinduet eg gløymde å kappe til på laurdag samt vi har fått opp nokre støtter; Klok av skade.


Litt mindre vegg mandag enn laurdag


Og der lå veggen gitt...


Fekk opp igjen veggen i dag og var lynrask med å sette på ei støtte.


Vinduet på vestveggen er no på plass.

lørdag 23. august 2008

Snart slutt på Bewien

Det har vore stille i tomta dei siste dagane men i dag fekk eg ei bra økt der oppe. Eg var der aleine men det gjekk greit, spesielt med radio og OL-sendigar som smakte gull :-)
Vi har vel bare ein kveld igjen med Bewi før den epoken er over, men det skal no bli kjekt å arbeide med trevirke også.


Emilie koster golvet framom veggen eg lødde opp i dag.


Fruen studerer teikningar og spør om der ikkje skal vere eit vindu på kortveggen inn mot hjørnet bak ho. Og det skal det sjølvsagt vere.... *#"/?= ARGHH!! Men sidan vi ikkje har støypt så skal det gå greit å sage høl.



Huset sett frå veien inn til tomta. Det begynde å ruve no men blir nok meir "dempa" når det har fått farge og ting rundt er ordna.

tirsdag 19. august 2008

Bewi, siste etappe

Tirsdagskvelden hadde vi ein kort dag i tomta der vi fekk lagt dei 5 siste golvplatene vi mangla mandagskvelden, så no er golvet i hovedetasjen komplett.
I dag fekk vi besøk av Helge som er så nysgjerrig på denne Bewien. Helge lødde Bewi med stor iver og innsats medan eg slo ned ein del av veggen vi tidlegare hadde støypt. Dette måtte gjerast for vi fann ut at vi ville ha eit smalt vindu på bakveggen. Muren er som sagt veldig sterk så kombinasjonen stor steinslegge og hard armert murvegg = god trening. Men etter litt kapping og deljing so måtte veggstykke gi tapt. På grunn av dette vinduet så blir det også ein del kapping av Bewien så vi lør den ikkje så fort som vi elles ville gjort.
Og no reise far på ein velfortjent ferie også, så da blir det nok ikkje samme tempoet oppe i huset. Spørs om eg skal gi meg tia til å få unna nokre forefallande arbeid her i heimen også....ser no.


Før vi la golvplatene på utstikket ovanfor uteboda så la vi i nokre kapp av Bewi før vi la isolasjon oppå der igjen.


Helge var så ivrig at han ikkje hadde tia til å sjå på fotografen ein gang.


Vi fekk opp eit par rader i kveld. Vinduet vi vil ha inn er midt i bilde.

søndag 17. august 2008

Sveising og golvlegging

Den siste veka har gått med til å få på plass berande jernbjelker og golvlegging. Noko Bewibygging har det også blitt, samt litt anna dill.

Kåre Magne i full gang med sveisinga. Han er ein svært dyktig sveisar og resultatet blei perfekt.

Sveisinga er ferdig og bjelkelaget er lagt.

Samansveisinga, samt ei støtte. Legg merke til sveisekvaliteten, ikkje bruk for vinkelsliper der.

Utstikket på stua er no på plass. 1,5 meter rett ut, vil henge i lause lufta.

3 H-bjelkar held utstikket oppe.


Stuegolvet er på plass


Baderomsvinduet til venstre der, det avlange altså, ikkje det lille som er i trappeoppgangen.

lørdag 9. august 2008

Bjelkelag igjen

Dei siste dagane har vi fått lagt resten av bjelkelaget i 2. etasje. Dvs, det står att ein liten bit som vi skal ta når vi har fått heisa opp dei tre jerndragarene som skal halde oppe "Utstikket" på stua. Vi har også fått lagt fleir golvplater samt røyst treveggen i 2. etasje.


Røysverket for treveggen i 2. etasje er oppe. Her blir det utgang til balkong og eit vindu.
Arkitekt og sjefsnekkar Bonesmo til venstre.


Bjelkelaget går inntil jerndragarene. På stua er det større avstand mellom dei berande punkta så her har vi brukt 3" x 9" for maksimal stivheit i golvet.


Kjøkkenet blir på det lavare partiet ved trappeoppgangen.


Då vi lødde opp 1. etasje gløymde vi å skjere ut for døra på baksida. Dette fekk vi svi for fredag då eg måtte skjere betongen. Den var veldig hard og veldig sterk, så det vart ei hard økt med vinkelslipar og slegge.

torsdag 7. august 2008

Jerndragere

I går kom jerndragarane og Cato frå Emdal Transport heisa dei på plass så i dag kunne vi starte med å legge bjelkelaget.





På stua skal det vere eit utspring på 1,5 m, noko ein kan sjå på teikninga lenger ned på sia her. Tredragaren som stikk ut viser kor langt fram stua vil gå.

søndag 3. august 2008

Meir Bewi

Dei siste dagane har gått med til å bygge veggar i Bewi. Det går fort sjølv om det er ein del kapping på grunn av vindu og dører. Vi venter no på nokre H-bjelkar så vi får lagt resten av golvet, når disse er på plass vil vi gå tilbake til golvlegging.
Far har også satt opp ei "anleggstrapp" opp til 2. etasje. Denne er uforskamma solid og fin, nesten slik vi berre må la den stå når vi er ferdig :-)


Halve huset er no oppe i den høgda den skal ha.


Eg fester nokre støtter.


Emilie utanfor austveggen med dør inn til vaskerom/teknisk rom. Oppe er det eit vindu inn til "Masters bedroom".



Ein veldig fin trapp som er plassert der trappen skal vere.