lørdag 31. mai 2008

Støyping av Bewi

I dag støypte vi den første (halve) rada med Bewiblokker, og det gjekk smertefritt. Det var godt over 20 grader og strålande sol, så det var godt å ha iskaldt kildevatn tilgjengeleg.

På mandag vil vi starte med rad 2, og vi har som målsetting å legge ei rad på 60 cm kvar kveld. Det som tek tid er å få i armeringsjern og å få retta det av, sjølve løinga er fort gjort.


torsdag 29. mai 2008

Første rad

No har vi fått lagt den første rada med Bewiblokker og snart ferdig med å armere den. På laurdag tar vi sikte på ein liten dugnad så har du tid, lyst og anledning er det berre å kome.



Vi har også lagt ei reim på innsida og vil skru på nokre vinkeljern for å unngå at blokka sig opp. Det er godt mogleg dette ikkje er nødvendig men betre føre var.

onsdag 28. mai 2008

Legging av Bewiblokkene

I dag starta vi med å legge den første rada med Bewi. Men først borra vi hol i sålen med 30 cm mellomrom for å feste dei vertikale armeringsjerna. Dette blei gjort henhold til veiledninga fra Bewi.



Å legge sjølve blokkene var veldig lett, og dei virka veldig solide. Vi har satt på knastebeskyttelse øverst for å binde blokkene saman, samt å beskytte dei når vi skal støype. Som sagt så skal vi legge denne 30 cm høge rada og støype denne før vi begynd å bygge i høgda.


I morgon vil vi fortsette med å legge blokkene, binde dei fast til reima og legge i all nødvendig armering.


Naboen kom innom ein tur i dag med heimebrygga "kønnj-øl" for prøvesmaking. Dette blei sjølvsagt inntatt i god tid etter all arbeid med elektriskdrevne maskiner var avslutta. ;-)
Og ja, det smakte fortreffeleg!

tirsdag 27. mai 2008

Tilrettelegging for Bewi

I dag har vi fått henta saga som blei brukt til å bygge husa til brødrene mine. Vi har også fått slemma skøytane på hulldekket så det ikkje lek så mykje vatn inn i garasja.



Men dagens store begivenheit var å legge reim rundt huset og å sette på plass den første Bewiblokka. Reima vil gå i bak-kant av Bewiblokkene og den er festa ned i sålen med millimeterpresisjon. Vi vil feste blokkene til reima med eit vinkeljern.




Den første rada med Bewi vil bli kappa i to slik det går opp i høgda. Blokka blir da 30 cm og vi vil støype den før vi går vidare på resten av veggen.

I morgon må eg stikke å kjøpe ein kilometer med armeringsjern.

mandag 26. mai 2008

Lagt drensrør

No har vi fått tatt ned forskalinga av kanten rundt garasja samt lagt dreneringsrør på baksida av huset. No er alt klart til å starte sjølve jobben med å bygge Bewi.


Husveggen vil gå inntil den første kanten på bildet. Ved neste kant vil rekkverket rundt plenen gå (eller flisene, veit ikkje heilt kva vi går for enda). Det lave partiet mellom dei to kantane vil danne ein passasje mellom huset og rekkverket på garasja. Her vil også trappa fra vegen kome opp til huset.



Dreneringsrøra har blitt dekt med singel.

lørdag 24. mai 2008

Ferdigstilling av kant rundt garasje

I dag blei vi ferdig med å forskale og støype resten av kanten rundt garasjetaket. Med tid og stunder vil vi legge plen opp til denne kanten, og vi vil ha eit rekkverk rundt. Dette rekkverket blir etter alle solmerker i glass.




Bewi'n står bare å venter på å bli satt opp og vi er utolmodig på å kome i gang. Vi måtte bare sette opp eit hjørne for å sjå korleis dei binder seg saman og korleis det blir sjåande ut, og det ser absolutt bra ut.

fredag 23. mai 2008

Flytte forskaling

No har vi tatt ned forskalinga på vestre og nedre vegg og har bare østre vegg igjen. Den blir forskala og støypt i helga.


onsdag 21. mai 2008

Bewi'n har komt

I dag fekk vi levert Bewiblokkene så no startar vi snart for fullt på sjølve huset. Eg skulle til å ringe Bewi for å få leveringsdatoen då telefonen ringte, det var sjåføren som var på ferga med eit lass med Bewiblokker og han lurte på kvar tomta var. Noko overraskande, men positivt sådan. Ellers har vi støypt ferdig vest og framkanten opp på garasja. Vi skal gjer ferdig denne kanten før vi startar på Bewiblokkene. Torsdag er det rekneskapsføring i det eminente firmaet http://www.liverpooltur.no/ så då blir eg ikkje å jobba i tomta.



Bewi'n på plass. Rart å tenke på at der ligg huset :-)


Yste og nesteveggen er støypt.

tirsdag 20. mai 2008

Forskaling & støyping

Vi blei ferdig med å forskale fronten på garasja i dag og tok like godt å støypte opp til hulldekke.



fredag 16. mai 2008

Skiboks

Bare litt armering og feste av reim til forskaling i dag, så dagens store begivenheit var å få skiboksen av bilen. Sommardekk og skiboks bli berre feil, så det var godt å få den av.



torsdag 15. mai 2008

Forskaling av kant

I dag har det vore eit elendig vér men det har ikkje hindra oss i å begynne å forskale kanten som skal gå rundt garasja og omkranse plenen. Det vil også kome eit rekkverk opp på denne kanten.




Eg har også hengt opp ei heis inn i garasja for skiboksen, så vi slepp å køyre rundt med ein boks på taket no somarstid. Det er eit forferdelig leven å borre i betong og sidan eg ikkje hadde hørselsvern so har eg no øyresus på lik linje med den eg hadde etter Foo Fighters konserten. Det er forsåvidt å anbefale å få denne øyresusen på konsert kontra det å borre i betong.

onsdag 14. mai 2008

Riving av forskaling

Tirsdag reiv vi forskalinga på sålen, og det å rive og vaske forskaling er noko av det kjedeligaste som fins. Vi målte høgdene på sålen etterpå og den var svært så beint.


Armeringsjernet som stikk opp fra sålen er til jording. Dette jernet er festa til dei andre armeringsjerna i sålen. (Klikk på bilde for full størrelse)


Vi begynte så smått å armere rundt hulldekket på garasja også, meir av det onsdag.

søndag 11. mai 2008

Dugnad

Laurdag 10 mai hadde vi dugnad i tomta. Kjellbjørn, Lars Petter, Jens Arne, fader'n og eg støypte sålen til bakveggen og sideveggane.



Vi bora armeringa inn i garasja for å binde det saman.



Det har blitt montert på ei jordingsmuffe på kloakken.


Lars Petter og Kjellbjørn i ein heilt normal positur



Jens Arne var støypesjef


Kaffepause


Resultatet




torsdag 8. mai 2008

Forskaling av såle

Vi har no fått laga ei forskaling på ein lav såle som er 50 cm brei. Midt på denne sålen vil Bewiblokkene bli plassert. Vi laga denne sålen for å gjer det lettare å få Bewiblokkene heilt beine. Vi legg ikkje såle i framkant no i første omgang, dette for å gjer det lettare for gravemaskina å komme til når den skal fylle opp bak murane når dei har komt opp. Når dette er gjort vil vi lage såle for framveggen og få opp denne.
Vi skal ha ein liten dugnad på laurdag og rekna med å få støypt sålen for bak og sideveggane.


Konturane til huset begynd å ta form.


Kloakk, straum, telefon og rør til vannboren varme er lagt inn under sålen. Vatnet kjem opp bak garasjeveggen, altså inn i huset.

tirsdag 6. mai 2008

Hulldekke

Eg har hatt influensa nokre dagar og det har difor vore stillstand i tomta. I dag var det imidlertid "på'n igjen" sidan vi fekk levert hulldekke fra Spencon. Leveransen stod Nordang frå Stranda for i ein svært imponerande doning. Kvart element veg 3375 kg og sidan bilen ikkje er nokon lettvekter og vegane held laber norsk standard, kunne ein berre køyre to element i gangen. Dette førte sjølvsagt til ein del ekstraarbeid for sjåføren men han tok det med særs godt humør.


Hulldekket måtte lastast frå tilhengaren over til lastebilen før den køyrde opp til tomta. Omlastinga skjedde ved godsterminalen i Sykkylven.


Dekket klar til levering. Totalvekt på 20 250 kg.


For spesielt interesserte (som meg sjølv) bilen er ein Scania R 620


Sjåfør og kranførar finsikter i det han legg ned første element.






Resultatet blei svært bra.