søndag 18. april 2010

Etablert

Planen med å oppdatere bloggen oftare gjekk visst i vasken, men men, slik kan det gå.
Vi har no hatt ein vinter i huset og vi er veldig fornøgd. Einaste skår i gleda var ein lekasje på taket som gjorde at vi fekk vatn ned i stua. Årsaken var ein bend i eit avløpsrør som hadde løsna under bygging og som har leke heile tida. Når vi fekk snøsmelting blei det ekstra mykje vatn og det var då lekasjen blei oppdaga. No har vi fått retta feilen og skifta nokre gibsplater i taket og to vegger og fått måla heile stuetaket. No er endeleg at fiksa.



Dinesen gulva har krympa bra i vinter, spesielt når luftfuktigheita var nede i 24%.

Vi har brukt peisen mykje i vinter, den funka veldig bra.