tirsdag 23. desember 2008

Betongsliping

I dag kom Leif Erik fra Betongservice og installerte seg for sliping av betong. Vi fekk tilkalla Lars Petter og Tor Einar for å få slipemaskina fra bilen og inn i huset. Det var bra vi var fire mann på den, for maskina veg 480 kg.

Natt til mandag var det storm og mykje nedbør her og da blei det avslørt at taket ikkje var heilt tett. Utstikket ovanfor soveromsvinduet lak og det same gjorde overgangen mellom taket på verandaen og taket på soveromsdelen. Dette fiksa far medan vi andre sleit med det drøget av ei maskin.



Leif Erik tok ei testrunde for å sjekke betongkvaliteten. Den var heldigvis god så vi håper på fint resultat.

lørdag 20. desember 2008

Vinduer på plass

Fredag blei dei siste vindua i 2. og 3. etasje satt inn. 3 kara frå Straumsheim gjorde jobben på berre nokre timar. Så no gjenstend berre skyvedørene og inngangsdøra i kjellaren før alt er på plass.

Stuevindu.


Dei grå beslaga til sprossene på stuevindua er ikkje på plass enda. Det er heller ikkje panelen som skal kleast rundt.



Skyvedør til veranda i 2. etasje.


Vindu ved spisestue.


Skyvedøra til takterassen er no på plass.

Vi har starta med å lekte taket på soveromsdelen av huset. Når vi har fått opp lektene vil vi legge isolasjon opp i taket.


Røra til ventilasjonsanlegget vil gå under repoet på trappa.

torsdag 18. desember 2008

Ventilasjon

I det siste har vi jobba med installasjon av ventilasjonsanlegget. Vi har installert røra i kjellaren for soverom, teknisk rom og bad. Vi er snart i mål for soverom og bad i 2. etasje, men manglar nokre bend for å bli heilt ferdig.


Røra for luft og avtrekk i kjelleren.


Det tjukke røret til venstre er sjakt for skitne kle, vaskemaskina vil stå på teknisk rom. Luftekanal inn til badet i kjelleren. Vegg mellom teknisk rom og bad vil gå der stenderen til høgre for sjakta er.


Vi vil senke taket i gangen i kjelleren for å få plass til ventilasjonen


Røret til venstre er avtrekket frå badet, det andre er tilluft for soverom med påmontert lydfelle. Det tjukke røret til høgre er skitneklesjakta som gjeng frå badet og ned kjellaren.

lørdag 13. desember 2008

Dårlig blogging

Det har igjen vore lite aktivitet her inne i det siste, mest pga mykje anna å holde på med.
Men siste veke har vi fått gjort ein del i huset. Vi har så smått begynt med ventilasjonsanlegget og funne ut kor vi vil legge kanalane. Eg har ikkje bestemt kva slags system vi skal gå for men vil ha eit med (relativt) høg varmegjenvinning uten å bli ruinert.
No er også alle H-vindua satt i og tetta. Til veka kjem karane frå Straumsheim og sett i dei store vindua på stua samt skyvedører i 2. og 3. etasje.


Det var eit fantastisk flott lys når sola kom opp i dagtidleg. Ikkje heilt rettferdiggjort på bilde. Bildet er tatt frå verandaen i 2. etasje.


Nok ein gong har straumkabelen til vannpumpa blitt dratt ned i vannholet slik styringsboksen står på høgkant. Gudane veit kvifor, dette er det samme som skjedde tidlegare i år. http://bonesmo.blogspot.com/2008/07/snodig-hendelse.html Vi får dra opp pumpa over helga og undersøke igjen.


Tur og returrøra frå boda der ventilasjonsanlegget skal stå.


Det siste H-vinduet blei montert i dag. Dette er på takterassen.

lørdag 6. desember 2008

Energibrønn

I dag har det vore 3 mann i arbeid i huset. Bjørn frå Energi-Spar har montert kollektor til energiholet, far har lekta og kledd eine utstikket med vindsperre, og eg som har pynta eit juletre.


Bjørn frå Energi-Spar står klar med kollektoren.


Dei nederste 105m er kollektoren 4-dobla. Dette for å utnytte varmen i hole bedre. Ved 100m går kollektoren saman til ein tur og ein retur. Dybda på holet blei målt til 209,5 m og så totalt blei det senka ned 619m med rør.


Kollektoren er fylt med Freezium, eit stoff som visstnok har bedre evne til å ta til seg varme enn sprit og andre typer vesker, samtidig som det er lettare å transportere rundt så sirkulasjonspumpa får ein lettare jobb.


Sluttresultatet. Her skal det etterkvart isolerast.


Utstikket ved spisestua, snart klar til bordkledning.


Utstikket på stua, sett frå vest.

tirsdag 2. desember 2008

Tetting

Den siste tida har tetting av hus stått i fokus. Vi har satt i vindu og dører og fått tetta rundt karmane, så no begynde huset å bli rimelig tett. Vi har også satt på varme så vi får tørka treverket før vi begynde med innvendig snekkerarbeid.


På laurdag var karane frå Ove Straumsheim AS på plass og satt i det siste vinduet på taket og fekk tetta og isolert konstruksjonen.


På laurdag fekk vi òg kledd takutstikket ovanfor soveromsvinduet så ikkje vatn kjem inn via takplatene.




I kveld satt vi i bakdøra i 2. etasje


Dør ut på veranda og vindu på utstikket ved spisestua.

torsdag 27. november 2008

I går var Unicon og Betcom på plass og fekk støypt alle golva. Resultatet blei veldig bra men vi har vore litt uheldig med enormt med nedbør og mildver så det har vore ein del vatn inne i huset sjølv om taket no er tett. Takvindua er ikkje heilt tette enda og i tillegg har mildvèret gjort at snø og is som har vore i diverse kanaler og sprekker no har smelta og rent inn i huset. Dette har dråpe ned på det nystøypte golvet og sjølvsagt akkurat der vi skal slipe betongen. Vi oppdaga heldigvis dette i går og fekk fiksa merka sånn nogen lunde og dekt dei til.


Badegolvet med sluk og nedløp. I hjørne skal det kome dusj og sidan golvet der skal vere nedsenka så støype vi det for seg sjølv før vi flislegg badet.


På kjøkkenet skal vi ha slipt betong.


Dusjen i kjellaren skal også vere nedsenka og blir støypt seinare. Bak dusjen vil veggen mot teknisk rom kome.


Kjellergolvet, slett og fint.

søndag 23. november 2008

Søndagsjobbing

Sidan vi skal støype på tirsdag måtte vi trå til med å få klargjort garasjegolvet i dag, sjølv om det er søndag. Vi fekk tømt garasja for material, isolasjon, gassgrill, sykkelvogn og ein gammal bil. Så la vi isolasjon og armeringsmatter, og Lars Petter fiksa sluk til avløpet. Birgitte og Emilie kom også opp ein tur og tok nokre bilder av den nye takkonstruksjonen.


Emilie hjalp til med å legge isolasjonen i garasja.


I garasja blir det 5 cm med isolasjon. Eg hadde tenkt å ha vannbåren varme i golve her også, samt isolere garasja men etter å ha lest ein del på forum slo eg frå meg den tanken. Om ein bil går fra varmt til kaldt kvar dag vinterstid vil det kome kondens i forskjellige kanalar i karosseriet og bilen vil ruste. Ein rusta bil er eg lite sugen på så kaldt og tørt er ein bedre måte å lagre den på om vinteren.


Bildet tatt frå takterassen.


Takvindu sett frå stua. Til venstre skimtar vi brua, der vil det kome eit glassrekkverkt så vi ikkje går på trynet utføre og havner i stua.


Takvinduet sett frå "brua". Vi skal ha eit vindu som vi kan åpne, det er ikkje klart enda så difor er det bare satt inn ei isoporplate der no. Eller ei gniksplate som strengt tatt er det rette navnet.




Utsikta frå 3. etasje.

lørdag 22. november 2008

Krona på verket

I dag har vi hatt besøk av Ole Elling, Geir og Christian frå Ove Straumsheim AS. Dei kom med sjølve krona på verket, takvinduet. Sidan vi ikkje fekk tak i kranbil pga glatte og bratte veger måtte vi bere takkonstruksjonen og vindua opp sjølve. Men med så mange staute karer gjekk det lett. Vi fekk opp sjølve konstruksjonen og Straumsheimkarane festa denne medan vi jobba med golva. Så bar vi opp vindua og satt i disse. Resultatet blei heilt perfekt! Konstruksjonen og vindua satt som eit skudd og sluttresultatet blei rett og slett lekkert. Vi er strålande fornøgd og syns det er kjekt å ha så dykte folk til å utføre skikkeleg håndverk.




Far og Jens Arne, konstruksjonen er på plass.




Ole kom med glasa.





Christian justerer eine hjørnevinduet.


Geir studerer verket resultatet.



Det kom mykje snø i natt men naboen Ove kom med traktor og pløgde vegen. Kjekt med gode naboer!

Rør og armering

Vi har fått ned alle røra til vannboren varme i kjellaren og lagt på armeringsmatte opp på disse. Vi har også fått lagt rør på kjøkkengolvet og baderomsgolvet i 2. etasje.


Sondre og Lars Petter legg rør.


Vi må dokumentere plasseringa av rør slik vi veit kor dei ligg til ettertida.