mandag 27. oktober 2008

Vind

Det blei ein del vind laurdagskvelden og preseninga vi hadde satt opp for å hindre vatn å kome inn i huset rivna i alle retningar. Lekter festa med 3" spikar blei dradd ut og ei asfaltplate i ein vegg blei knekt. Ikkje så mykje gale men ganske irriterande. Eg ser no i ettertid at det sikkert hadde vore best å ikkje hatt noko presening over takvinduet slik at vinden som kom inn dei store åpningane på stua hadde hatt ein veg ut. Men men, gjort er gjort. I morgon skal vi sette opp nokre plater som forhåpentlegvis toler litt meir enn preseninga.
I dag har vi tetta igjen dei nevnte åpningane på stua så vind og regn ikkje kjem inn. Når vi holdt på med dette så begynte det å snø. Sidan vi ikkje hadde presening eller plater til å dekke takvinduet slutta vi litt tidleg og eg reiste heim for å legge om dekk.
Ellers er taktekkarane snart ferdig med taket på "soveromsfløya", dei fullfører den og garasjetaket i morgon. Håper ikkje det kjem mykje snø i natt....


Litt av preseninga som rivna.

lørdag 25. oktober 2008

Tak på 3. etasje

I går kveld og i dag har vi fått opp takplater på skråtaket og på taket til 3. etasje. Vi har også fått på ei ny presening der takvinduet vil kome, men det spørs om den held gjennom natta, det er nemleg meldt storm og det bles bra ute allereie. Eg var ein tur opp og sjekka no og alt såg bra ut bortsett fra nokre pakka med isolasjon som låg strødd bortover vegen.




Det blir bra med lufting under takplatene, ca 8-10 cm



Håper det fortsatt ser sånn ut i morgon...


Vi avslutta arbeidet tidleg i dag slik vi fekk tatt ein tur til Ålesund for å finne peis. Vi må finne ut kvar pipa skal gå gjennom taket og lage hol til denne før taktekkerane får lagt taket over stua.

Vi fann denne gjennomgåande peisen frå Rais og trur vi vil gå for den:

fredag 24. oktober 2008

Taktekking del 1,3

Taktekkerane var på plass men fekk ikkje gjort stort pga véret. Det har blåst ein del i dag også, og dette skaper problem for legging av tak. Dagen starta med at Cato fra Thermotank var på plass igjen og krana opp isolasjon og takduk.
Ellers hadde den provisoriske løysninga med presening blitt litt ramponert av vinden så i morgon skal vi lage ei litt bedre løysing. I kveld har vi fått platekledd skråtaket og satt på ei takrenne for å ta unna litt vatn.


Så langt kom taktekkerane i dag....

torsdag 23. oktober 2008

Taktekking del 1.

I dag tok eg og far oss fri fra jobb for å vere i huset og gjere alt klart til taktekking. Vi fekk ferdigstilt gesimsane, laga til utstikket ovanfor soveromsvinduet, satt på takrenne, skåre isolasjon som skal leggast ned i "Bølgedalane" på takdekket samt rydda garasjetaket. Jørn fra Uri & Sønn kom opp ein tur og borra 2 hol i hulldekket på garasjetaket der avløpsrøra vil bli montert.


Rekkverket til takterassen.


Utstikket over hjørnevinduet på soverommet blir støtta opp av nokre 2" x 8 som er skrudd fast i Q-dekket.


Wullum har laga nokre vinklar som vi bruker til å støtte opp rekkverket på takterassen.

På grunn av stormvarsel har vi satt i ei provisorisk skyvedør der det på sikt vil kome ei permanent skyvedør. Sistnevnte i glas.

Vi har fått opp takrenne på bakveggen til "soveromsfløya".


2 Kara frå Takservice AS starta med taktekkinga i dag og først ut var garasjetaket.


Brødrene Haugseth har lagt straumkabel på austsida av huset, så snart er kabelen som går ett par meter over huset historie. Uteområdet blei mykje bedre etter arbeidet var gjort :-)


Det har vore ein del austavind i dag, men på langt nær så mykje vind på Aure sida av Sykkylvsfjorden som det var på Ikornnes sida. Vi observerte ein kontainer flytande midtfjords og lurte på om Ekornes hadde starta naudhjelp, for kontaineren dreiv raskt i rettning Hjellegjerde. Vi fekk høyre seinare at den var tom og at den hadde blåst på sjøen på Ekornesfabrikken. Heldigvis har det ikkje vore sånne vindkuler her oppe i lia.

tirsdag 21. oktober 2008

Rekkverk

Vi har no starta med å få opp gesimsen der takterassen vil kome. Vi har ein del arbeid å gjere no for på torsdag kjem Takservice AS og starta med taktekkinga.


Her har vi fått opp stendere for rekkverket på takterassen. Bewien vil kome opp i samme høgde. Sjølve golvet på takterassen vil kom ca 35 cm opp fra Q-dekket så rekkverket blir ikkje så høgt som det ser ut her.

lørdag 18. oktober 2008

Gesimser

No har vi fått opp gesimsane på "kuba" vest for trapperommet så der er det snart klar for taktekking. Vi har også fått platekledd toppen på utstikket til stua.
Broder'n Lars Petter var også med i dag så vi fekk gjort ein del. Vi har også fått laga hol til luftinga til kloakken, men det gløymde eg å ta bilde av....


På taket ovanfor soveromma og badet har vi no fått opp gesimsane. Her skal det taktekkast og isolasjonen/tekkinga vil gå opp til kanten av gesimsane.


Vi festar gesimsane med ei stålreim festa i taket.


Tidlegare har vi satt opp ei presening over der takvindua vil kome. Etter vi gjorde dette har det tørka opp inne i huset.



Vi har satt opp stilas framfor utstikket til stua.

onsdag 15. oktober 2008

Taktett

I dag fekk vi taktett huset, dvs heilt tett er det ikkje men der er i allefall tak over alt. Taktekkinga gjenstend.
Vestveggen på 3. etasje er også platekledd no men bilde viser ikkje det, bilde blei tatt når det framleis var lyst.



I går satt vi opp ei presening og papp over der takvindua vil kome. Dette hindrar regnet å kome inn i huset som har stått vått i det siste.

lørdag 11. oktober 2008

Taklegging

Vi har hatt dugnad i huset i dag og ved siden av far så kom bruder'n Jens Arne og etter å ha stengt sjappa på Modul Bygg kom Marius også. Vi fire fekk lagt nesten heile taket. Vi hadde planer om å legge alt men mykje vind og ein landskamp gjorde sitt til at det ikkje blei heilt fullført. Eg var litt bekymra for vinden, spesielt på slutten da det kom nokre vindkast som blåste ned bruder'n frå ein stige. Det var ikkje så dramatisk som det høyrdes ut som men vinden var sterk. Taket festa vi med boltar gjennom platene, reima og ned i betongen kvar 120. cm. I tillegg skrudde vi det fast i reima alle plassane det lå ned på. Så sjølv om vinden var kraftig lå taket støtt.



Taket på utstikket på stua er lagt. Neste blir å få opp kantane rundt og taktekke. Taktekkinga skal profesjonelle i Takservice ta seg av.


Jens Arne var edru sjølv om det ikkje akkurat ser slik ut her.


Uten mat og drikke, dug sjølv ikkje helten


Emilie og Birgitte kom med mat.


Jens Arne med ny genser



Åpning der skyvedørene til utgangen til takterassen vil kome. Det skal mao isolerast ein del før høgda på taket er nådd.


Marius spyr ut skruar i eit voldsomt tempo


Her gjenstend det ett par plater før taket er komplett. Vi ventar med disse til mandag pga vinden.


Stua, no under tak.

fredag 10. oktober 2008

Taket har kome!

I dag kom Cato fra Thermotank med Q-dekket. Heldigvis fekk vi det før helga så vi får lagt mesteparten av det på laurdag. Vi starta med å legge tak over badet og garderoba i kveld og det var svært lett å legge det. Det blir nok litt meir styr når vi må kappe og tilpasset det meir men det skal nok gå bra.



Første takplate er på plass, ein aldri så liten milepæl.


Taket over hovudbadet og garderoba tilknytta soverommet er lagt. Vi har skrudd det fast i reima opp på muren men skal i morgon sette boltar gjennom reima og ned i betongen for å feste det skikkelig.


Ole Elling frå Ove Straumsheim AS kom og tok mål av takvinduet på torsdag. Vinduet skal ha samme profil som malen montert midt i bildet.

onsdag 8. oktober 2008

3.Etasje

Dei siste dagane har gått med til å få opp veggar og tak på 3. etasje og trappehuset. Vi har no fått på papp på taket til trapperommet og klargjort til at Ove Straumsheim AS kan kome å ta dei nødvendige måla så dei kan lage profilane til glasstaket.
No håper vi at Q-dekke skal kome snart så vi får starta på taket. Det har vore ein del nedbør i det siste og eg likar ikkje at golvplatene skal bli så våte sjøl om det ser ut som det har gått bra hittil. I dag var det forresten 18 grader og litt (føn)vind så det har tørka bra i dag.



Der stigen går opp vil det kome ei skyvedør i glass med eit glassvindu ved sidan av. Vinduet og døra vil ha ei total bredde på 2,40m



På veggen lengst vekk har vi satt opp ein mal som viser kvar vinduet vil kome. Vinduet vil danne ein vegg og så gå bakover og danne tak. Vinduet vil dekke både austveggen (til venstre) og sørveggen (til høgre).

lørdag 4. oktober 2008

Action

I dag har vi fått gjort ein del i huset på tross av litt uønska action. Eg holdt på å feste fast reima som taket skal ligge på medan far holdt på å satt opp bakveggen i trapperommet. Plutseleg høyrde eg nokre saftige gloser etterfølgt av at dette hadde vi ikkje tia til. Eg trudde han hadde gjort noko feil men når eg ser bort så stend han der med ein 4"-spiker rett gjennom peikefinger og langfinger. Lufthammaren hadde fyrt av to spikara og den siste hadde slått rett ut av treet og gått gjennom fingrane. Då var det bare å hive frå seg alt og køyre inn på legevakta. Der fekk han kome rett inn og legen fekk bedøvd fingrane med ei sprøyte som så ut som den var berekna på hestar. Legen prøvde først å klippe av spikeren med ei tang berekna på klipping av fiskekroker og når dette ikkje gjekk blei eg beordra til å springe bort på Jernia å kjøpe ei skikkeleg tang.

Etter spikeren var dratt ut kjøpte vi oss litt mat og reiste opp i huset og fortsatte. Trur ikkje det er så mange som hadde fortsett å jobbe etter å ha fått ein stor spiker gjennom to fingrar, men det skal altså meir til for å stoppe han far.

Ellers har vi fått platekledd nokre veggar og laga til vindu i dei. Bakveggen på trapperommet blei også bygd i dag.



Det blir eit lite vindu på austveggen på 3. etasje. Skråtaket er over trapperommet.



Far med gjennomhola fingrar. Synderen på golvet i bakgrunnen.


Reima er festa til murveggen med ein 120x8 mm ekspansjonsbolt.

fredag 3. oktober 2008

Tidleg mørkt

Denne veka har gått med til lange dager på kontoret og husbygginga har lidd pga dette. Når eg først har komt meg opp i tomta så har det blitt mørkt før eg har fått knipsa noko bilder. Skal få tatt litt fleire bilder i morgon.

Ellers så er fokuset på 3. etasje der vi sett opp veggar og tak.


Cato stakk oppom ein tur i dag og heisa på plass dragaren.


Far tek mål av veggen vi kledde med asfaltplater.