lørdag 6. desember 2008

Energibrønn

I dag har det vore 3 mann i arbeid i huset. Bjørn frå Energi-Spar har montert kollektor til energiholet, far har lekta og kledd eine utstikket med vindsperre, og eg som har pynta eit juletre.


Bjørn frå Energi-Spar står klar med kollektoren.


Dei nederste 105m er kollektoren 4-dobla. Dette for å utnytte varmen i hole bedre. Ved 100m går kollektoren saman til ein tur og ein retur. Dybda på holet blei målt til 209,5 m og så totalt blei det senka ned 619m med rør.


Kollektoren er fylt med Freezium, eit stoff som visstnok har bedre evne til å ta til seg varme enn sprit og andre typer vesker, samtidig som det er lettare å transportere rundt så sirkulasjonspumpa får ein lettare jobb.


Sluttresultatet. Her skal det etterkvart isolerast.


Utstikket ved spisestua, snart klar til bordkledning.


Utstikket på stua, sett frå vest.

5 kommentarer:

Svein og Nette sa...

Hai!

Ka fjelltype er det du har energibrønnen din i? Kor stor effekt tenker du å ta ut? Har hørt at jo hardare fjell dess bedre varemledningsevne har det. På kva dybde traff dei vatn og kor høgt i røret står vatne no??

Kor mange m2 skal du varme opp og kva størrelse skal du ha på varmepumpa??

Hilsen nyfiken husbygger

Trond sa...

Hei,
Kva fjelltypen heiter er eg ikkje sikker på, men den er ganske råte og full av sprekker. Vi har måtte ty til fjellsikring bak huset pga den dårlege fjellkvaliteten. Effekten er eg heller ikkje sikker på, men det skal eg finne ut.
Holet er på 210m og vannstanden ligg 30m ned. Så vi har totalt 180m med vatn. Dette er ganske bra og sidan det er bra tilsig på holet til drikkevatn som ligg 20m unna så trur eg effekten av holet blir bra. Vi legg ca 210 -220 m2 med rør, bodene blir ikkje oppvarma. Disse ligg i bakkant i kjelleren utan vindu så kan ikkje brukast til anna enn boder allikevel.
Varmepumpa er ei Ekowell EVT 500 (http://www.energi-spar.no/ekowellevt.pdf)
Ser du har komt deg litt lenger enn meg i bygginga :-)

Svein og Nette sa...

Vi er kanskje komt lenger men det føles ikkje sånn ;-) Dessuten har no du et svært prosjekt på gang i forhold til oss...

Har lest ein Sintef rapport som seier ein kan ta ut alt ml 40 og 200 W/m av ein slik brønn.

Ser no at vi kanskje har borra litt vel djup i forhold til behovet vårt... men vi får sjå... Me holet vårt no kan vi smelle på ei 10kW pumpe... Men er usikker på om det er behov for det. Rekna varmetapet vårt på husbank-kalkulatorern til 0.83W/m2K som er akkurat under husbankravet. Vart bra ovveraska då vi fekk tilslag på lån der...

Har du rekna varmetap for huset ditt?

Trond sa...

Hei,
Eg har ikkje rekna ut varmetapet på huset vårt, men kvar finn eg denne kalkulatoren? Hadde vore interessant å sjekka det, og Husbanklån hadde eg faktisk ikkje tenkt på, verdt å sjekke det også :-)

Svein og Nette sa...

Eg brukte desse to for å finne det ut.

http://www.programbyggerne.no/varmetapskalkulator/

Denne treng du for å finnne u-verdi på tak/vegger osv..

http://www.rockwool.no/sw7754.asp