søndag 15. februar 2009

Utforing, Skyvedører og eit lite branntilløp

Den siste veka har gått med til isolering, utforing av vegger på bad og å satt på plass nokre skyvedører. Pga influensa har det vore litt mindre arbeid enn ønska sist veke, men forhåpentligvis blir neste veke bedre.
Utforingane på bada inneber ein del arbeid men vi trur resultatet kjem til å bli veldig bra.


Dusjen blir til venstre med ei hylle innfelt i veggen. Det vil også vere ei innfelling ovanfor badekaret som vil vere til høgre. Blandebatteriet vil vere inne i denne hylla.


Innfelt hylle på badet i kjellaren. Under hylla vil baderomsinnreiinga kome og denne vil skjule koblingskapet for vatn som er vist her. Ovanfor hylla vil det kome eit stort speil.


Skyvedør mellom trapperom og gang i kjelleren.


Skyvedør mellom entré og kjellerstue.


Skyvedør mellom stua og gang.


H-bjelkar vil bli kledd inn.


Vassrøra for kjøkkenet er på plass. I det ekstra holet vil der kome eit vassrør til oppvaskmaskina. Dette røret vil kome direkte fra varmepumpa og vil ha forvarma vatn.

Denne lampa sto og lyste nede i kjellaren for seg sjølv då far ved ein tilfeldigheit oppdaga ein åpen flamme ut av kontakta. Han nappa ut ledninga og da slokna også brannen. Dette er ei billig lampe og har du samme sort så ikkje forlat den med straumen på. Vi har brukt å berre slå av lyset med ein bryter på baksida av lampa så hadde dette skjedd når der ikkje var folk i huset så kunne det gått riktig gale. Flaks at vi var der!

1 kommentar:

Svein og Nette sa...

Stygg sak.... har fleire lampar stående som ligner fælt, men dei står aldri på når vi ikkje er på plass. Ein god regel er å sjekke(føle med handa) temeratur på stikken nokre minutta etter ein tar ein ny lampe i bruk. Kan også vere lurt å føle og legge merke til tempen på stikken når ein trekke den ut etter bruk. Er den varm så er det å ødelegge sikken og kaste lampen i bosset med ein gang...