torsdag 7. mai 2009

Ferdig i hovudetasjen

Onsdag blei vi ferdig med veggane og vindua i hovudetasjen og starta med å flytte ting ned i kjellaren. Vi vil starte med kle taket i kjellaren på fredag.
Målarane blei også ferdig med å måle soveromma oppe så dei manglar kun golv og det eletriske no. Heldigvis så slepp vi unna med kun golvlister så vi sparer litt tid der.


Soverommet er ferdig måla!!


Vinduskarmane blei stilige syns vi


Reine og fine linjer med vindu uten lister.
Badet er ferdig kledd med gips, men vi skal ha ein annan type plater i dusjen, kjem ikkje på navnet på dei no. Det skal bli kledd med flis opp til gipsen.

Veggen der badeinnreiinga skal stå er fora ned. Under nedforinga vil det ver speil med skap bakom, speilet vil gå like langt ut i rommet som foringa. I taket er der innfelt ei taklampe lik rommets bredde.

Ingen kommentarer: