søndag 14. juni 2009

Sykkylvsdagane

I helga har det vore Sykkylvsdagane så laurdagen blei litt kortare enn vanleg. Vi slutta tidlegare slik vi fekk med oss utendørskonserten med Tone Damli Aaberge og Åge Aleksandersen. Sistnevnte imponerte stort med sitt "Samband"
Men noko blei no gjort allikevel. Eg oppdaga fredagskvelden at det var 2 forskjellige typer golvplater og eg hadde sjølvsagt lagt feil type på soveromma. Så da var det bare å ta opp igjen platene og legge dei rette. Eg fekk lagt golva på soveromma oppe samt gang mellom soverom og bad. 2 polakkar som jobbar for Kjøsnes la flisene på vaskerommet og i gangen i kjellaren. Det var ikkje mange timane dei brukte, dei jobba imponerande fort og resultatet blei perfekt. Far kledde bakveggen med Bewi slik den gjeng i ett med rekkverket på takterassen.


2 nye rader med Bewi lagt utanpå treveggen for å få rett høgde på veggen som skal pussast og målast.


Veggen skal no pussast så vi måtte få på beslag slik at dei kan festast med murpuss.


Gang i kjellar er flislagt, det samme er vaskerom/tekniskrom som er til venstre for ytterdøra i enden av gangen.


Vi skal ha Dinesen tregolv og dei må skruast fast i lektene mellom platene. Disse platene hadde eg lagt med not og fjær på soverommet, men dei var visst beregna for å feste lektene mellom platene med. Sidan det er gjenbruk fra soverommet er der nokre høl i dei.

torsdag 11. juni 2009

Kjeller klar til måling

I dag blei vi ferdig med kjellaren og fekk rydda ut alt slik at Lindvik-karane kan starte med å sparkle og pusse. På tirsdag fekk vi levert Silencioplatene og vi starta å legge disse i dag. Vi vil fortsette med dette arbeidet i morgon, eit arbeid som må vere ferdig til 30 juni for då kjem golvet frå Dinesen i Danmark. Det må rett i hus så da må alt vere klart. Vi må også få opp peisen og lagt vannbåren varme til den tid, neste så eg blir småstressa.


Master's bedroom med plater lagt. Vi må frese endane for å få snu røra. Man kan kjøpe endeplater som har fresa inn disse bøyane men dei var dyre så vi droppa det og freser sjølv. Eg er no Sunnmøring for svarte!


Walkin' closet


Vi fekk platene inn på tirsdag. Dei er 36 mm og har spor for 16mm rør til vannbåren varme.


Far blei ferdig med vinduskarmane i kjellaren i dag.


Badet i kjellaren med påsmurt membran

mandag 8. juni 2009

Klart til membran

No er alle våtrom klare til smøring av membran. Mr Kjøsnes starter med dette i morgon. Vi har også fått opp badekaret i dag, måtte få det opp for å vere sikker på at det passa inn før smøring av membran starta.


Badekaret passa perfekt! Det skal byggast inn med Wedi plater og flisast inn.


Dusjhjørne og badekar i 2. etasje


Badet i kjelleren. Metalluka skjuler koblingskapet til vatn og røret ut under dette er i tilfelle lekasje. Vatnet vil då kome ut på golvet og vi vil oppdage det raskt.


Dusjhjørne i kjelleren

fredag 5. juni 2009

Klargjering av våtrom

Fokuset no er å få ferdig våtromma i kjellaren slik flislegger kan starte mandag. Vi håper vi klarer det, men da må alt gå på skinner laurdag.


Bad i kjeller der veggen mot trapperom er kledd. Her vil baderomsinnreiinga kome


Vi må fore ned taket for å skjule røra til ventilasjonsanlegget. Som på resten av huset bruker vi teknikken med vinkeljern. Taklamper blir innfelt på samme måte som på kjøkkenet.


Nedforinga


Garderobe ved siden av ytterdøra på vaskerommet (teknisk rom)


Veggen der innreiinga på vaskerommet vil stå.


Vannutak for krane på ytterveggen ved kjellerdør, her kjem det ei inspeksjonsluke. Dette blir skjult inn i skapet ved døra.

lørdag 30. mai 2009

Dårleg med oppdatering av bloggen i det siste for vi ha jobba med å platekle kjellaren og det er strengt tatt ikkje så spennande å sjå stadig nye bilder av det vil eg tru.
Vi har no berre våtromma igjen før heile huset er ferdig kledd. Åja, så var det kjøkkengangen oppe som ikkje er kledd enda. Men no er røra til ventilasjonsanlegget, kjøkkenventilatoren og sentralstøvsugaren på plass så da kan vi også kle det rommet.
Vi håper vi blir ferdig med våtromma i kjellaren den komande veka, men da må han bror opp og gjer seg ferdig med rørleggararbeidet.

Men no er det grillfest og helg, strålande sol og kald pils venter!!


Begge soveromma i kjellaren er kledd




Gangen nede er også kledd, og sikringskapet kom på plass fredag. Vaskerom/Teknisk rom i enden.

lørdag 23. mai 2009

Bad

Den siste tia har vi jobba i kjelleren og på badet i 2. etasje. På badet oppe har vi hatt på Wedi plater i dusjen og no er alt der klar til flislegging. Vi har kledd bodene i kjelleren med sponplater og starta så smått med å kle badet i kjellaren med rupanel. I dag har vi jobba med vaske/teknisk rom der vi har kledd ein vegg med vannfast spon og fora ut ein vegg der innreiinga skal vere. Vi har også flytta ein vegg mellom vaskerommet og eine soverommet for å få meir skapplass på vaskerommet.


Bakveggen er kledd med vannfast spon. Veggen til venstre fora vi ut for å få plass til vannledninger og diverse installasjoner.



Austveggen på vaskerom/teknisk rom er fora ut og så snart rørleggerarbeidet er gjort vil vi kle den med vannfaste sponplater.


Vi flytta veggen bakover og stjal litt plass på soverommet for å få meir skapplass på vaskerommet.


Dusjen på badet i 2. etg er kledd med Wediplater.


Bodene ferdig kledd. Sponplater på vegg og gips i tak.


Ventilasjonsanlegget og sentralstøvsuger på eine boda.

lørdag 16. mai 2009

2. etasje ferdigmåla!!!

No er målarane ferdig med hovudetasjen og det ser veldig bra ut! Dei blei ferdig med dette på fredag.
I dag har eg og far hatt ein veldig effektiv dag der vi fekk platekledd både vegger og tak i kjellerstua. Her er det ikkje så mykje kriker og kroker så vi fekk jobbe mykje med heile plater. Sjølv om det strengt tatt var altfor fint vèr til å jobbe inne så hadde vi ein effektiv dag :-)


Bare ein stabel igjen med gipsplater no.


Baksida av garderoba ved inngangsdøra. Den skjuler også luftinga til peisen oppe.


Kjellerstua sett frå garasjetaket.




I går fekk vi eit halvt tonn med fliser til bada oppe og nede, og eg gjekk meg på eit aldri så lite svettebrøt....


"Forstua" er ferdig


Ikkje så lett å sjå her men dragaren er samme farge som veggen

torsdag 14. mai 2009

Stua ferdig måla

Da er stua ferdig måla, og vi er ferdig med å platekle gang og toalett i kjellaren. I morgon starta vi med å platekle kjellerstue.


Stua sett fra spisestua



Flott vèr i dag, og mykje sol inn på stua. Partiet foran trappa og kjøkkenet er ikkje ferdig måla enda.


Bakveggen med vindu. Til venstre for det er kontoret, som også er ferdig måla.


Kjøkkenet. Lamper og avtrekk på plass i taket. Til høgre er nisja der kjøkkeninnreiinga skal stå

lørdag 9. mai 2009

Gips i kjellaren, del 1

Ein effektiv dag i huset i dag der vi fekk kledd både vegger og tak i entrèen nede. Her er ein del kriker og kroker med nedforinger pga ventilasjonsanlegg og lufting til peis. Men metoden med å bruke vinkelhjern og skru gipsen fast i dette gjer at ting gjeng fort.

Men først litt bilder av 2. etasje som er snart ferdigmåla av karane til Lars Lindvik AS


Taket under trapperepoet, vinduet til venstre. Som sagt, VELDIG godt fornøgd med detaljen der taket gjeng heilt ut i vinduet.


Emilie sitt rom


Vindu mellom soverom og "Walkin' closet"


Emilie sitt rom igjen, ferdigmåla!! Kun golvet igjen her no.
Når Birgitte ser dette kjem ho heilt sikkert til å sei at eg ikkje må legge ut bilder på nett der man kan sjå kor skitne vindua er ;-)

Hovudbadet har fått seg sitt første strøk måling


Lampa i taket, innfelt og fin.

Så til dagens aktivitetar.

Ved siden av inngangsdøra er der ein liten huk som vil fungere som garderobe. Røret i taket er luftinga til peisen på stua. Her har vi hatt på vinkeljern ved taket for å lage ei nedforing for å skjule røret. Nedforinga er i samme høgde som nedforinga ved den større garderoba på andre sida av entréen. Denne må vere lavare pga ventilasjonsanlegget. Sjå lenger ned så skjønna du :-)

Vi fester eit vinkeljern der frontplata og taket inne i huken gjeng ihop.


Ferdig kledd og røret er skjult.


Sidan vi skal ha skyvedører foran garderoba har vi hatt opp ein 1,5" 4 " for å få skrufeste for skyvedørene

Vinkeljerna fra stenderen og bak til veggen er på, denne vil knyte sammen vegg og tak inne i garderoba


Ferdig kledd


Gangen ved inngangsdøra. Trapp opp er til venstre


Inngangsdør til venstre, kjellerstua rett fram gjennom døra.