Men noko blei no gjort allikevel. Eg oppdaga fredagskvelden at det var 2 forskjellige typer golvplater og eg hadde sjølvsagt lagt feil type på soveromma. Så da var det bare å ta opp igjen platene og legge dei rette. Eg fekk lagt golva på soveromma oppe samt gang mellom soverom og bad. 2 polakkar som jobbar for Kjøsnes la flisene på vaskerommet og i gangen i kjellaren. Det var ikkje mange timane dei brukte, dei jobba imponerande fort og resultatet blei perfekt. Far kledde bakveggen med Bewi slik den gjeng i ett med rekkverket på takterassen.
2 nye rader med Bewi lagt utanpå treveggen for å få rett høgde på veggen som skal pussast og målast.
Veggen skal no pussast så vi måtte få på beslag slik at dei kan festast med murpuss.
Gang i kjellar er flislagt, det samme er vaskerom/tekniskrom som er til venstre for ytterdøra i enden av gangen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar