lørdag 4. oktober 2008

Action

I dag har vi fått gjort ein del i huset på tross av litt uønska action. Eg holdt på å feste fast reima som taket skal ligge på medan far holdt på å satt opp bakveggen i trapperommet. Plutseleg høyrde eg nokre saftige gloser etterfølgt av at dette hadde vi ikkje tia til. Eg trudde han hadde gjort noko feil men når eg ser bort så stend han der med ein 4"-spiker rett gjennom peikefinger og langfinger. Lufthammaren hadde fyrt av to spikara og den siste hadde slått rett ut av treet og gått gjennom fingrane. Då var det bare å hive frå seg alt og køyre inn på legevakta. Der fekk han kome rett inn og legen fekk bedøvd fingrane med ei sprøyte som så ut som den var berekna på hestar. Legen prøvde først å klippe av spikeren med ei tang berekna på klipping av fiskekroker og når dette ikkje gjekk blei eg beordra til å springe bort på Jernia å kjøpe ei skikkeleg tang.

Etter spikeren var dratt ut kjøpte vi oss litt mat og reiste opp i huset og fortsatte. Trur ikkje det er så mange som hadde fortsett å jobbe etter å ha fått ein stor spiker gjennom to fingrar, men det skal altså meir til for å stoppe han far.

Ellers har vi fått platekledd nokre veggar og laga til vindu i dei. Bakveggen på trapperommet blei også bygd i dag.



Det blir eit lite vindu på austveggen på 3. etasje. Skråtaket er over trapperommet.



Far med gjennomhola fingrar. Synderen på golvet i bakgrunnen.


Reima er festa til murveggen med ein 120x8 mm ekspansjonsbolt.

Ingen kommentarer: