søndag 11. januar 2009

Ferdigslipte golv

No er golvet i kjelleren og på kjøkkenet ferdig slipt. Resultatet blei bra men der var litt pora på kjøkkengolvet. Disse blir visstnok fylt opp av eit middel som er i den spesialsåpa man skal bruke på golvet. Så golvet skal bli finare og blankare etter bruk.

Det var ikkje meininga å ha vannbåren varme i golvet på 3. etasje då vi trudde det ikkje ville vere behov for det. Men etter å ha høyrt fra folk med vannbåren varme så har vi lært at varmen ikkje stig opp som ved vanleg tradisjonell varme. Difor kan vi risikere at det er golvkaldt i 3. etasje, noko vi sjølvsagt ikkje vil det skal vere. Men sidan golvet er beregna med ei høgde utan varmerør i så måtte vi legge røra under golvplatene. Dette er ikkje idéelt sidan vatnet i røra må ha ein litt høgare temperatur for å kunne avgi like mykje varme som om dei lå opp på golvplatene.


Kjellargolvet


"Close up" av det slipte golvet


Røra til vannbåren varme er festa med nokre metallplater under golvplatene til 3. etasje. Ventilasjonskanalen til stua er også på plass.


Etter røra var på plass isolerte vi taket med 10 cm Rockwool for at varmen ikkje skal trekke ned, men opp i golvet.


Far har også laga trapp fra "Brua" og opp til 3. etasje. I kroken til venstre for trappa vil vi lage ei bokhylle, men dette er ei stund fram i tid.


Taket på stua er no lekta og isolert.

Ingen kommentarer: