I kveld har vi rydda, kledd vinduskarmer, kledd undersida av repo, starta med inn og ut lufra frå ventilasjonsanlegget og satt opp nokre eletriske punkt eg hadde gløymt. Eg hadde gløymt å legge opp straum til prosjektor i taket på kinoen, korleis kan man gløyme noko sånt??
Trapperom med vindu under repoet mellom 2. og 3. etasje, undersida av repoet blei kledd i kveld.
Vindu under repo. Eg syns det blei ein stilig detalj med å la taket gå heilt ut til vinduet.
Her er vinduskarmen før x-finerplata er satt på. Plata blir satt inn i det 9mm sporet på vinduskarmen og skrudd inn i vinkeljernet gipsplata på veggen er skrudd fast i.
Ferdigkledd vinduskarm. Her skal det kun på ei beskyttelseslist på hjørnet som blir sparkla inn.
Hjørne på soverommet. Kun beskyttelseslist på hjørnet gjenstår før sparkling.
Bad med blandebatteri, sjakt og toalettuttak. Ser litt bedre ut her inne no etter ei økt med kosten.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar