onsdag 2. september 2009

Mykje lys, men lite varme

I dag blei det endeleg lys i den delen av huset der vi har X-Comfort styring. Terje frå Brekke AS kobla og programmerte dette i dag og det var mildt sagt deilig å sjå lyse flomme ut av lampane. Det fine med X-Comfort er at vi kan velge hvilke bryter skal styre hvilke lys, og at dette kan endrast. Brytarane er trådlause og vi kan plassere dei der vi vil. Vi har også 2 hovudbrytarar som slår av eller på alt lys. Ein vil vi ha oppe (på soverommet kanskje?) medan ein vil vere nede ved inngangsdøra.
Ellers så blei planen med å sette varmepumpa i drift utsatt til torsdag pga sjukdom. Så torsdag blir det forhåpentlegvis både lys og varme som Åge så fint syng.


Fett


Dei innfelte på kjøkkenet, og tilsvarande utanpåliggande lampe under brua. Den siste lampa bråka ein del når den vart neddimma, må sjekke ut kva det skuldast. Reklamasjon kanskje?


Toalett nr 1 er på plass på hovudbadet


På samme bad er dusjen også montert. Den var litt rar, men det gjeng seg nok til så snart eg er vandt med den.

1 kommentar:

annkolaas sa...

Fantastisk flott hus!!! Går det an å spørje kor flisene på badet er kjøpt? Og namn og pris? Dei var rålekre!!