mandag 31. august 2009

Eletriker & Varmepumpe

Torsdag morgon reiste mor & far på ein velfortjent ferie til Russland og der blir dei til søndag. Men eg har ikkje vore heilt aleine opp i huset sjølv om far er på tur. Terje og Stig frå Brekke AS har holdt på med det eletriske og Per Gunnar frå Uri & Sønn har holdt på med varmepumpa og kobla kursar. Tirsdag skal vi fylle kursane med vatn og sirkulasjonspumpene skal startast. Det blir spanande å få varme i golva.
Eg har brukt mesteparten på tia på å måle dørkarmer og lister, og snart er det klart til å sette inn innerdører. Flisleggarane er så og sei ferdig, har berre kjøkkeninngangen igjen, og dei har også fått pussa murane på garasja.


Badekaret på hovudbadet er no kledd inn og flislagt. Armatur er også på plass.


Dei innfeldte lampane på kjøkkenet og på badet i kjellaren ser no slik ut.


Ventilator, komfyr, steikeovn og kaffemaskin er på plass, det same er benkeplata i børsta stål.


Litt av benkeplata, induksjonsplata er ikkje festa enda. Dei klipsa som den skal festast med passar ikkje i plata så vi må få til ei løysing på det.

Ingen kommentarer: