Stuevindu.
Dei grå beslaga til sprossene på stuevindua er ikkje på plass enda. Det er heller ikkje panelen som skal kleast rundt.
Skyvedør til veranda i 2. etasje.
Dette er bloggen min som dokumenterer arbeidet med å føre opp familien min sitt hus på Hjellane i Sykkylven. Det er min far, Arkitekt Jostein Bonesmo, som har teikna huset og mesteparten av arbeidet vil eg gjer sjølv med god hjelp frå min far. Klikk på bilda for å sjå dei i full størrelse.
I dag har vi hatt besøk av Ole Elling, Geir og Christian frå Ove Straumsheim AS. Dei kom med sjølve krona på verket, takvinduet. Sidan vi ikkje fekk tak i kranbil pga glatte og bratte veger måtte vi bere takkonstruksjonen og vindua opp sjølve. Men med så mange staute karer gjekk det lett. Vi fekk opp sjølve konstruksjonen og Straumsheimkarane festa denne medan vi jobba med golva. Så bar vi opp vindua og satt i disse. Resultatet blei heilt perfekt! Konstruksjonen og vindua satt som eit skudd og sluttresultatet blei rett og slett lekkert. Vi er strålande fornøgd og syns det er kjekt å ha så dykte folk til å utføre skikkeleg håndverk.
Det kom mykje snø i natt men naboen Ove kom med traktor og pløgde vegen. Kjekt med gode naboer!