tirsdag 15. september 2009

Stress

Når man skal ferdigstille eit hus, klargjere eit til salg, vere 2 barnsfar og ektemann, jobbe full tid og halde på med Liverpooltur.no på si, samt fyre Svennis på Facebook så er det noko som må vike og i det siste har det blitt blogginga. Men sant å seie så er det ikkje så fryktelig mykje spennande å berette frå husbygginga no. Eg vil heller vente ei vekes tid til vi har flytta inn og då knipse som ein gal og legge ut bilder av eit hus der man faktisk bor i! Ja, eg har ein våt draum om å sete i kjelleren på laurdag å sjå Liverpool på storskjerm med ei kald ei i handa, ikkje umogleg at det kan gå :-)

Men oppsummert, ting som har skjedd sidan forrige innlegg.
Varmepumpa er satt i drift
Vatnet er kobla og varmepumpa produserer varmevatn
Innerdører og lister er på plass i hovudetasjen og i 3. etasje
Parabol og alle kabler og switcher er på plass for TV
Alt golv i hovudetasjen og 3 etasje er ferdige bortsett frå fuging av kjøkkeninngangen, men dette blir gjort onsdag.
Kjøkkenet er snart ferdig bortsett frå ei skapdør som kom med feil mål som må bytast.
X-Comfort er ferdig montert med lysføler for utelys
Svigermor og Birgitte har starta med nedvask av huset
Og sikkert meir eg ikkje kjem på i farta.

I morgon, eller i dag blir det visst sidan det har bikka midnatt, så har vi visning på rekkehuset vårt, prospektet finn du her: http://www.finn.no/finn/realestate/object?finnkode=18954906&folderId=408961 Flott plass å bu, så berre kom med høge bud!


Eit nyvaska stuegolv med lister som saknar eit siste målingstrøk.


Innreiing ved spisestue er no ferdig med lys og det heile. Dette er kjøkkeninnreiing frå Drømmekjøkken, komponert av Ett To Design og snekra ihop av far sjølv.

Kjell Welle i Welle Elektronik har montert parabolantenna og laga til koblingar til alle rom. Denne ryddige installasjonen er montert inne i veggen på kjøkkeninngangen. Parabolantenna er montert på taket ved bakveggen, altså ute av syne.

IT-Kollega Kjetil i PC-Support hjalp meg i dag med installasjonen av nettverk til alle rom.

Gang i 2. etasje. Bad til venstre, Emilie sitt soverom til høgre og mitt og fruens soverom rett fram. Vi har fått på lister etter dette bilde blei tatt.


Armatur på bad.

3 kommentarer:

Marius sa...

Hei.

Må si dere har fått et nydelig hus. Fantastisk flott arbeid, om jeg har forstått rett så er vel omtrent alt arbeid utført av dere ved hjelp av familie og venner?

Har vært spennende å følge veien til innflytting, håper dere får det fint i det nye huset!

Mvh
Marius

Unknown sa...

Lykke til med flyttesjau!! Gleder meg til det er vår tur å flytte, har nokre månader med godt arbeid før det blir aktuelt..
Har vore spennende å følge deg på vegen! :)

mvh
Alice Strømmegjerde

Husdraumen/Anita sa...

FOR eit hus!!!
Imponerande:)

Me skal akkurat til å frese spora i golvplatene for vannbårenvarmerøyra...sunnmøringar her og;)