mandag 17. november 2008

Meir isolering

Den siste tia har gått med til å isolere kjellergolvet og klargjere det til støyping. Støypinga vil foregå neste mandag og da vil vi støype heile kjellaren, garasjegolvet samt kjøkkengolvet og badegolvet i 2. etasje. Vi skal ha slipt betong på kjøkkenet så derfor skal også det støypast no.

Vi har også fått opp bewi utvendig på gesimsane på takterassen og alt der er klart til å få taktekkinga fullført. Håper taktekkerane kjem i morgon og gjer alt ferdig.

I dag starta far med å gjere klart til å sette i vindua som vi fekk levert på fredag. Dette er dei "vanlege" H-vindua med aluminiumsprofilar utvendig og tre innvendig. Dei spesialtilpassa vindua og skyvedører kjem seinare.


Far på takterassen, vindsperra rundt gesimsen er på plass.


Bewien går no heilt til topps. Når det blir vår vil vi pusse og male veggen.


Arne, svigerfar til broder'n, kom ein tur i kveld og hjalp oss med å legge rør til vannboren varme.
Etter råd fra Bjørn i Energi-Spar la vi returrøret frå den utvendige trappa (som ikkje er laga endå) under isolasjonen. Tur-røret går mellom dei to laga med isolasjon. Eg hadde tenkt å legge disse røra opp på isolasjonen og støype dei ned men sjølvsagt vil returrøret ha ein så lav temperatur at den vil kjøle ned golvet. Derfor ligg den no under 20 cm med isolasjon. Dette hadde eg ikkje tenkt på og er glad eg blei gjort merksam på det før golvet var støypt.
Varmepumpa kjem om ein månad eller to og er av merket Ekowell.


Jens Arne hjelp til med å legge isolasjon i kjellaren.

Ingen kommentarer: