mandag 3. november 2008

Taksluker

I dag har taktekkerane vore på plass og har nesten fullført jobben. Når dei hadde tatt kveld troppe eg og far opp og la inn rør for takslukane, isolerte gesimsane og laga hol i isolasjonen til pipa. Til slutt festa vi på beslag mellom tak og gesims som taktekkerane skal sveise "parapeten" til. Parapet er det vanntette laget som ligg på toppen av taket.


Bewien midt i bilde vil bli ein del av rekkverket på takterassen. Der vil kome ein sluk på kvar side av det, ein på takterassen og ein på utstikket utanfor.


Ein sluk på takterassen og ein på utstikket på stua.


Isolasjon mellom Bewi og takisolasjon. Utanfor Bewien ligg utstikket til spisestua.


Her held eg utskjeringa for pipegjennomføringa. 30 cm med isolasjon, i tillegg ligg der 10 cm med rockwooll i bunn.

Ingen kommentarer: