Torsdag fekk vi hjelp av Lars Petter og Jens Arne til å måke snø og is på taket og legge i isolasjon slik at alt var klart til tekking fredag. Irritasjonen var derfor rimelig stor i går når eg kom opp i tomta og ingenting hadde skjedd. Eg veit ikkje kvifor taktekkarane ikkje kom men dei hadde vel ein god grunn. Sidan isolasjonen lå for åpen himmel så måtte vi dekke den til med plast i tilfelle det blir nedbør iløpet av helga. Dette fekk vi gjort i går.
I dag har vi hatt på vindduk og lekta veggane på tredjeetasja i tillegg til å hatt på vindskei. Vi har også rydda litt og fått vekk litt snø på taket.
Vindduk og lekter er no på plass
Vi skar opp rockwool og la det ned i taket. Oppå dette vil det kome 30 cm med isolasjon
Her vil peisen kome, ein peis med innsyn frå begge sider.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar