lørdag 14. mars 2009

Kort dag i huset

I det siste har vi jobba med montering av ventilasjonsanlegget og kleing av gipsplater.
Far og eg rakk å bli ferdig med å kle tak og vegger i 3. etasje før vi avslutta for å rekke fotballkampen mellom Liverpool og Man. Utd.

Sidan far er Unitedfan skal eg ikkje hovere så mykje, vi Liverpoolsupportere veit at hovmod står for fall, men syns kommentaren til Steven Gerrard til Sky Sport etter kampen oppsummerte det bra. "It's good to come here and wipe the floor with them" :-)


Taket i 3. etasje torsdags kveld. Plast før plater, heilt etter boka.


Vi har eit lite problem med å få kobla lydfellene til aggregatet (Systemair VR-700 DCV) sidan lydfellene er 25 cm i diameter og avstanden mellom dei 20 cm utgangane på aggregatet bare er eit par cm. Vi har dårleg med plass så vi må få laga ein overgang, som tek liten plass, så vi klarer å forskyve eine utgangen nokre cm utan at det gjeng utover arealet i røret.
Sentralstøvsugaren (Foma 1900w) vil stå ved sidan av ventilasjonsaggregatet i ei bod i kjellaren.

Ingen kommentarer: