Eletrikaren har i det siste jobba med å legge opp trekkerør for TV, data, brannvarslar og straum. På soveromma i 2. etasje er alt dette no på plass og vi har difor starta med å få opp gipsplatene.
Takplatene og ett par veggplater er på plass på "Masters Bedroom".
Spikerslaga vi festar gipsplatene til er montert på toalettet i kjelleren. Her skal taket vere nedfora for å få plass til ventilasjonen. Her skrur vi berre gipsplatene rett i metallet, og det set som berre juling. Samme metode vil bli brukt alle plasser for å binde vegg og takplater skikkeleg saman.
Vi har også fått satt opp røra til sentralstøvsuger. Vi klarer oss med eit uttak pr etasje så det blir ikkje fleire enn tre tilkoblingspunkt for slangen. Dette er plassert ved sidan av trappa, som igjen er midt i huset. Støvsugaren vil stå i samme bod som ventilasjonsanlegget.
Vi har laga ein boks for innebygging av ramma til toaletta. Denne har så blitt påsmørt membran før sjølve ramma har blitt festa.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Slepp du plast på ytterveggene? eller har du gløymt det ;-)
Vi slepp plast på Bewien så vi har ikkje gløymt det :-) Isoporen fungerer som fuktsperre så vi sparer plasten der.
Legg inn en kommentar