tirsdag 30. juni 2009

Golva i hus

I dag kom Dinesen golva frå Danmark og med hjelp fra Cato i Thermotank fekk vi dei trygt i hus. Vi har hatt nokre lange kvelder med å få klar vannbåren varmerøra slik vi kunne ta imot golvet i dag og brukte mandagen på å sluttføre dette.
Laurdag var eg i Trysil og feira svigermor så da var far aleine i huset. Han jobba då med å fjerne ein del av takterassen slik den ikkje gjekk over taket på verandaen i 2. etasje. Dette gjorde at midtpartiet av huset kom meir til sin rett. Man ser no klart korleis trapperommet deler huset i to kuber. Tøft :-) Sidan taktekkerane ikkje har fått fiksa taket som blei endra så blei taket dekt med ei presening. Men når det bøtta ned som det gjorde mandagskvelden var dette dessverre ikkje nok. Det kom vatn inn i huset under ein vanvittig "Thunderstorm" og dette skada innertaket i kjellaren. Golvet i hovedetasjen blei vått og vatnet trekte ned i taket under. Men det ser heldigvist ut til at det kun er ei takplate som må byttast.


Takterassen går no ikkje lenger framom takvindua.


Per Gunnar og Lars Petter la røra etter eg hadde fresa spora.


Cato fra Thermotank på plass igjen og kraner planken på plass med sedvanleg presisjon.


Borda er fordelt og ligg klar for legging.


28mm tjukke og 30cm breie bord. Dei lengste borda er over 9 meter lange.


Det første bordet er på plass for å teste om det passer bra, noko det gjorde. Det første bordet er kløyvd for at legginga skal gå opp når borda møter borda som går framom kjøkken og trapp. Meir om dette seinare. Vi skal legge papp under borda så vi har ikkje festa det enda.

3 kommentarer:

carmacom sa...

Synes huset blir bedre og bedre, du har valgt en stil som i allefall jeg liker. :) Men hvorfor valgte du å legge sponplater, så platene med spor til rør og så til slutt parkett/heltre plank? er det ikke like greit å bruke sponplater med spor til rør og kutte ut de silenscio platene?

Og det gulvet du har valgt, tåler det gulvvarme? sliter med å finne heltre gulv som tåler gulvvarme.

Trond sa...

Hei,
Hyggelig at du liker stilen, vi er fornøgd vi også :-)
På soverom skal vi ha bambusdekke og det bygger ikkje meir enn 4-5mm. At vi skulle ha sånt dekke blei ikkje bestemt før vi var godt i gang med bygginga så for å få golvet opp på samme høgde som på stua måtte vi bygge det opp med sponplater i tillegg til silencioplater. Silencio er også svært lydisolerande og det er også positivt. Ideelt sett skulle røra vore lagt høgare i golvet, men sidan varmeforbruket er relativt lavt på soverom så håper eg det går greit.
Dinesen skal tole gulvarme og vi har forholdt oss til deira anbefalinger:
http://www.dinesen.com/uploads/c_internallist/49_fileupload_3174.pdf

Trond sa...

Hmm, død link det der. Prøver igjen:
http://www.dinesen.com/
uploads/c_internallist/
49_fileupload_3174.pdf

Fjern linjeskift i linken så funker den.