onsdag 24. juni 2009

Trappa på plass

I kveld hadde vi dugnad der Tor Einar, Lars Petter, Jan Halvard og Marius møtte opp og hjalp til med å få trappa på plass. Den første trappa frå kjellar til repos var allereie oppe, og den neste fra repos til 2. etasje gjekk veldig fint på plass. Trappa frå 2. etasje til andre repos gjekk også greit å få på plass, men den passa ikkje heilt så vi må gjer nokre justeringer for å få den til å sitte heilt perfekt. Det samme gjeld den siste trappa frå andre repos til "brua" i 3. etasje. Men vi fekk no på plass beistet, og eg er veldig takknemmeleg for hjelpa vi fekk. Med stropper og muskelkraft gjekk jobben veldig bra. Takk kara!! Birgitte og Emilie kom og inspiserte og fotograferte.


Trappa på veg til trapperommet for å løftast på plass. Emilie følger spent med, alltid frå sikker plass.



Marius og far står i 2. etasje, eg og Lars Petter står på reposet medan Jan Halvard og Tor Einar står på brua og løftar trappa opp med stropper.




Far var den første som gjekk opp trappa


Endeleg på plass!! Vi skal ha 35mm Dinesen trappetrinn som blir skrudd på trinna. Rekkverk blir i glass utan topplist, festa med klemvanger.

1 kommentar:

Enebolig Høgeseta sa...

Hei

Flott hus! Gratulerer.
Kan jeg spøre hvor dere fikk laget trappen og til hvilken pris?

Mvh Tommy