I dag starta murmesterane for alvor å pusse ytterveggane, og dei jobba fort. Vèret var strålande så det var perfekte forhold til å jobbe ute.
Når eg og far kom opp i huset starta vi med å få opp peisen sidan denne må vere på plass før vi kan legge golvet.
Montering av plater har begynt.
Peisen er bygd opp til rett høgde, alt er watra opp og klart til å kleast inn.
Halve bakveggen er pussa, murpussen er enda ikkje tørr.
Finishen er kosta og er ganske grov. Vi skal etterkvart måle den kvit men det blir nok på andre sia av sommarferien.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar