No er vi ferdig med å legge golv på stua og spisestua. Det gjekk egentlig ganske smertestilt men der var eit par bord som måtte kappast og tilpassast ein del. Ellers går borda veldig fint ihop, og sidan dei er 30cm breie så går det ganske fort å få lagt eit heilt golv.
Ellers er eletriker snart ferdig med installasjonen oppe, kontaktene er på plass og den innfelte belysninga står for tur.
3 av borda er på over 9 meter, dette for å unngå at det blir skøyter.
Nokre av borda måtte tilpassast ein del, også dette på over 9 meter. Det er lite rom for feil, vi har ikkje akkurat slike bord liggande.
Passa perfekt det der...
Golv mellom veranda og kjøkken.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar