torsdag 23. juli 2009

Dinesen = Complete

Da er vi ferdig med behandlinga av Dinesen golva og det var ein tidkrevande prosess. Etter dei var lagt blei dei slipt, så luta, så pussa lett med 120 papir, så vaska ein gong med 50/50 såpe og vatn så til slutt enda ein gong med 25/75 såpe og vatn. Resultatet blei svært bra men eg blei passe dritlei alt dillet.

Dei siste dagane har mor har stått på garasjetaket med lydboka si å grunna panelen til ytterveggane, og før panelen knapt var tørr spikra far den opp på veggen bak huset. Eg fekk tatt første strøket beis på den før vi tok kvelden i dag. Dei nødvendige beslaga er også på plass på bakveggen.


Treveggen kledd og første strøk beis er påført.




Stuegolvet ferdig behandla.


Bilder i tidlegare innlegg viste ikkje beslaga på bjelkane på verandaen, så her er dei.

2 kommentarer:

Unknown sa...

Kan ikke du legge ut hvordan du løser takrennen inn mot veggen på altanen. Hilsen Sunnmøring

Trond sa...

Hei,
Skal legge ut bilder når vi kjem så langt ;-)