Vi har også fått opp "sementplater" på rekkverket til takterassen og etter disse er pussa vil dei gå i eitt med muren under. Platene er rundt heile rekkverket på insida, og på utsida over utstikka på stua og spisestua.
Nord, aust og sørveggen på trapperom/ 3. etasje er no ferdig kledd og måla. Fargen er ikkje så mørk som bilda gir inntrykk av. Vi har også fått opp utkastet til ventilasjon (ovanfor inngangsdøra), kjøkkenvifte og sentralstøvsuger (på nordveggen)
Eit dønn solid stilas for å nå tak i veggen ovanfor takvindua.
Kassekledning i naturtre, kun grunna med Visir. Beslag er også på plass no men nedløpet til takrenna er enda provisorisk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar