tirsdag 14. juli 2009

Forsinkelser og diverse

Det har gått ei stund sidan eg oppdaterte bloggen og dagens innlegg blir dessverre utan bilde sidan kamera ligg igjen i huset...
Arbeidet i det siste har gått med på å kle kjøkkeninngangen med gips på vegger og golv. Vi skal støype ei plate her og flislegge og for å bygge opp golvet litt la vi ei gipsplate der. Gipsplata er no smørt med membran og når vi får lagt ned røra til varme så skal vi støype golvet. Vi kledde inn inntak og utblåsrøra til ventilasjonsanlegget etter at disse vart isolerte.
Ellers har vi fått lagt alt av Dinesen bortsett fra kontoret ved stua og eine reposet i trappa. Vi blei ferdig med trappa i dag, ei trapp som forøvrig blei justert og festa på laurdag. Den manglar no berre glasrekkverket men der er nokre hol på yttervangen som ikkje stemmer så vi må få til nokre korrigeringer der.
No er det sommerferie og i morgon drar fader'n på Molde-Jazz så då brukar eg og fruen dagen til å reise til Ålesund og shoppe litt lamper og sjå på garasjeporter.
Ellers fekk vi melding før helga om at benkeplata på kjøkkenet er forsinka og blir ikkje levert før over ferien, så da ryk nok sjansen om å få flytta inn før fruens termin 2. august.
Ellers har mor starta med å grunne listene rundt innerdørene i dag, og så snart vi har måla karmane så blir det montering av dører og lister.

Ingen kommentarer: