lørdag 22. august 2009

Theodor

Dårlig med oppdatering av bloggen i det siste og det skuldast at Theodor kom til verda seint laurdag kveld 15. august. Med sine 54 cm og 4260 gram kom han seint men godt, sidan han var 13 dager over tia. Sjølv om eg har vore på fødestua så har far jobba i huset. Oppsummert så er no rekkverk på veranda ferdig, utstikket på spisestua er kledd og måla eit strøk, gipsplater som blei skada av lekasje er bytta og snart ferdigpussa, bambusgolv er lagt på Emilie sitt rom, innreiing på vaskerom og ytterdøra er på plass.


Theodor!!


Ny ytterdør og sidevinduer på plass.


Lyst og trivelig ved inngangsdøra


Jens Arne hjalp til med å montere vaskerominnreiing og å legge golv.

Bambusen på plass på ett av soveromma. Rullen er på 2 meter så uansett korleis vi legg det så får vi ein skøyt men vi prøver å få den så fin som mogleg. Bilde av skøytane kjem nok.

Beslag på plass på rekkverket på takterassen. Far tok mål og Wullum AS produserte dei på timen.


På trappesia av brua valgte vi å gå for ein fast vegg i stadenfor glas.


Første hjørne har blitt kledd og måla.

2 kommentarer:

Anita sa...

Du, eg må berre sei at det blir heilt fantastisk dette huset ditt! Også er det så gjennomtenkt med alle detaljer! eg får nesten litt prestasjonsangst :)
Vi driv jo å bygg (eller dvs nokon bygg for oss) funkis på flisnes. Overtagelse 1. kvartal 2010. Så eg driv jo å planlegg og bestememr div..
og så et lite spm, håper ikkje du syntes eg er frekk, men tar det som det komplimentet det er.. hehe.. Dei lampane eg skimter i taket på kjøkkenet. Kva lamper er det? Kor har dokke kjøpt dei? Dei blir vel montert opp etter at taket er ferdig eller må dei leggast inn før taket er lagt?
Dei var rålekre og ville ha passa perfekt hos oss!
Tenker dokke gleder dokke til å flytte inn no!

mvh, ANita

Trond sa...

Takk skal du ha Anita :-)
Eg har sett dei funkishusa på Flisnes om det er dei ved rundkøyringa ved Kiwi. Dei ser veldig bra ut!

by the way, you got mail...