fredag 14. august 2009

Vannlekasje

Det vart nokre saftige gloser under jobbinga på kjøkkenet og spisestua i dag då vi oppdaga at dagens enorme nedbør hadde komt ned i taket på kjøkkenet. Det var, for å sei det mildt, for jævlig å oppdage at sparkelen mellom nokre plater var våt.
Lekasjen skuldast nok rekkverket på takterassen, vi oppdaga fukt innanfor duken som var montert. Vi tekka rekkverket igjen og fekk på nokre beslag på toppen for å unngå meir lekasje.

Ellers fekk vi levert benkeplata på kjøkkenet tidlegare i veka. Vi fekk beskjed fra produsenten av plata i Danmark at den blei forsinka og ikkje levert før etter ferien og pga dette gjorde vi om prioriteringa og jobba for det meste ute i sommar. Når vi etter ferien høyrde igjen med produsenten når vi fekk plata så kunne dei opplyse at den var sendt før ferien, noko dei ikkje hadde sagt til oss tidlegare. Etter litt undersøking fann vi ut at plata hadde stått hos transportøren i Straumgjerde sidan begynnelsen av juli. Vi blei rimeleg irritert når vi fekk vite at plata sto berre ei mil unna, og i tillegg når vi fekk den i hus oppdaga at den lange lagringa har gjort den skeiv. Plata blei montert i ei skråstilt ramme då den blei sendt frå Danmark og tydelegvis blir ei sponplate kledd med 2 mm stålplate skeiv av å stå på skrå. Vi har satt plata i spenn no for å rette den opp igjen, noko som forsåvidt går greit.


Sparkelen mellom gipsplatene gjekk i oppløysing av vatnet som kom fra oven


Forhåpentlegvis er det nok å sparkle igjen sprekka etter at alt har tørka opp. Sjølve gipsplatene verkar å vere uskada.


En stk benkeplate satt i press


Av konstruktive ting i dag fekk vi opp skapa ved spisestua samt laga sokla til dei.

Armatur for badekar er no på plass, badekaret blir bygd inn til veka.

Ingen kommentarer: