Røysverket for treveggen i 2. etasje er oppe. Her blir det utgang til balkong og eit vindu.
Arkitekt og sjefsnekkar Bonesmo til venstre.
Bjelkelaget går inntil jerndragarene. På stua er det større avstand mellom dei berande punkta så her har vi brukt 3" x 9" for maksimal stivheit i golvet.
Kjøkkenet blir på det lavare partiet ved trappeoppgangen.
Då vi lødde opp 1. etasje gløymde vi å skjere ut for døra på baksida. Dette fekk vi svi for fredag då eg måtte skjere betongen. Den var veldig hard og veldig sterk, så det vart ei hard økt med vinkelslipar og slegge.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar