tirsdag 19. august 2008

Bewi, siste etappe

Tirsdagskvelden hadde vi ein kort dag i tomta der vi fekk lagt dei 5 siste golvplatene vi mangla mandagskvelden, så no er golvet i hovedetasjen komplett.
I dag fekk vi besøk av Helge som er så nysgjerrig på denne Bewien. Helge lødde Bewi med stor iver og innsats medan eg slo ned ein del av veggen vi tidlegare hadde støypt. Dette måtte gjerast for vi fann ut at vi ville ha eit smalt vindu på bakveggen. Muren er som sagt veldig sterk så kombinasjonen stor steinslegge og hard armert murvegg = god trening. Men etter litt kapping og deljing so måtte veggstykke gi tapt. På grunn av dette vinduet så blir det også ein del kapping av Bewien så vi lør den ikkje så fort som vi elles ville gjort.
Og no reise far på ein velfortjent ferie også, så da blir det nok ikkje samme tempoet oppe i huset. Spørs om eg skal gi meg tia til å få unna nokre forefallande arbeid her i heimen også....ser no.


Før vi la golvplatene på utstikket ovanfor uteboda så la vi i nokre kapp av Bewi før vi la isolasjon oppå der igjen.


Helge var så ivrig at han ikkje hadde tia til å sjå på fotografen ein gang.


Vi fekk opp eit par rader i kveld. Vinduet vi vil ha inn er midt i bilde.

Ingen kommentarer: