søndag 17. august 2008

Sveising og golvlegging

Den siste veka har gått med til å få på plass berande jernbjelker og golvlegging. Noko Bewibygging har det også blitt, samt litt anna dill.

Kåre Magne i full gang med sveisinga. Han er ein svært dyktig sveisar og resultatet blei perfekt.

Sveisinga er ferdig og bjelkelaget er lagt.

Samansveisinga, samt ei støtte. Legg merke til sveisekvaliteten, ikkje bruk for vinkelsliper der.

Utstikket på stua er no på plass. 1,5 meter rett ut, vil henge i lause lufta.

3 H-bjelkar held utstikket oppe.


Stuegolvet er på plass


Baderomsvinduet til venstre der, det avlange altså, ikkje det lille som er i trappeoppgangen.

Ingen kommentarer: