mandag 6. juli 2009

Golv og kjøkken

Mandagskvelden gjekk med på golvlegging i gangen mellom soverom og bad, og å sette på plass høgskapa på kjøkkenet.


Gang før legging


..og etter legging.


Vi fekk på planken foran trappa opp i 3. etasje også. Planken i gangen ligg jamnt med planken på stua, ingen forskyvning av noko slag der.


Vi satt på plass høgskapa på kjøkkenet også i kveld. Vi har ikkje justert og skrudd dei saman enda, men no har vi i allefall fått dei ut av vegen.
Til høgre skal kjøleskapet stå (hylla er bare transportsikring og skal vekk), ved sidan av den skal ein mikrøbølgeovn stå, denne blir skult bak ei dør, og under skal steikeovnen vere. Skapet i midten skal kaffemaskina stå. Eller var det omvendt? jaja, vent å sjå.
Kjøkkenet er forøvrig eit Drømmekjøkken leverert av Uri & Sønn AS i Sykkylven.

2 kommentarer:

Svein og Nette sa...

flott gulv.... er det ca 1000 kr pr skritt?? hehe

skal gulvet behandles på noen måte eller er det behandlet???

Trond sa...

Hehe, nja det blei no ikkje gratis akkurat. Men vi tek innatt det tapte med bambusgolva på soveromma og i 3. etasje ;-) Dei kosta en hundring pr m2