søndag 19. juli 2009

Klart til sliping av tregolv

Dårleg med oppdatering i det siste sidan vi har jobba med masse smådill som eg ikkje gidd å legge inn her, men vi er ferdig med å legge rør til vannbåren varme og vi er ferdig med å legge Dinesen tregolv. JIPPIE!!! Det gjekk veldig greit å både legge rør og golv med det er utruleg deilig å vere ferdig med det også. På mandag skal tregolvet slipast, då kjem Svein Flaate og gjer dette. Når han er ferdig så må eg lute golvet før det blir finslipt ein siste gong.
Når dette er gjort så vil vi starte med øya på kjøkkenet. Medan Svein slip golv vil vi starte med å kle veggane ute så vi håper det blir bra vér i morgon også.


Fredag var mor i full gang med å grunne panelen til utstikket på stua og spisestua.


Dinesen på plass



Spisestua







tirsdag 14. juli 2009

Forsinkelser og diverse

Det har gått ei stund sidan eg oppdaterte bloggen og dagens innlegg blir dessverre utan bilde sidan kamera ligg igjen i huset...
Arbeidet i det siste har gått med på å kle kjøkkeninngangen med gips på vegger og golv. Vi skal støype ei plate her og flislegge og for å bygge opp golvet litt la vi ei gipsplate der. Gipsplata er no smørt med membran og når vi får lagt ned røra til varme så skal vi støype golvet. Vi kledde inn inntak og utblåsrøra til ventilasjonsanlegget etter at disse vart isolerte.
Ellers har vi fått lagt alt av Dinesen bortsett fra kontoret ved stua og eine reposet i trappa. Vi blei ferdig med trappa i dag, ei trapp som forøvrig blei justert og festa på laurdag. Den manglar no berre glasrekkverket men der er nokre hol på yttervangen som ikkje stemmer så vi må få til nokre korrigeringer der.
No er det sommerferie og i morgon drar fader'n på Molde-Jazz så då brukar eg og fruen dagen til å reise til Ålesund og shoppe litt lamper og sjå på garasjeporter.
Ellers fekk vi melding før helga om at benkeplata på kjøkkenet er forsinka og blir ikkje levert før over ferien, så da ryk nok sjansen om å få flytta inn før fruens termin 2. august.
Ellers har mor starta med å grunne listene rundt innerdørene i dag, og så snart vi har måla karmane så blir det montering av dører og lister.

mandag 6. juli 2009

Golv og kjøkken

Mandagskvelden gjekk med på golvlegging i gangen mellom soverom og bad, og å sette på plass høgskapa på kjøkkenet.


Gang før legging


..og etter legging.


Vi fekk på planken foran trappa opp i 3. etasje også. Planken i gangen ligg jamnt med planken på stua, ingen forskyvning av noko slag der.


Vi satt på plass høgskapa på kjøkkenet også i kveld. Vi har ikkje justert og skrudd dei saman enda, men no har vi i allefall fått dei ut av vegen.
Til høgre skal kjøleskapet stå (hylla er bare transportsikring og skal vekk), ved sidan av den skal ein mikrøbølgeovn stå, denne blir skult bak ei dør, og under skal steikeovnen vere. Skapet i midten skal kaffemaskina stå. Eller var det omvendt? jaja, vent å sjå.
Kjøkkenet er forøvrig eit Drømmekjøkken leverert av Uri & Sønn AS i Sykkylven.

søndag 5. juli 2009

Golvet på stua ferdiglagt

No er vi ferdig med å legge golv på stua og spisestua. Det gjekk egentlig ganske smertestilt men der var eit par bord som måtte kappast og tilpassast ein del. Ellers går borda veldig fint ihop, og sidan dei er 30cm breie så går det ganske fort å få lagt eit heilt golv.
Ellers er eletriker snart ferdig med installasjonen oppe, kontaktene er på plass og den innfelte belysninga står for tur.


3 av borda er på over 9 meter, dette for å unngå at det blir skøyter.


Nokre av borda måtte tilpassast ein del, også dette på over 9 meter. Det er lite rom for feil, vi har ikkje akkurat slike bord liggande.


Passa perfekt det der...


Golv mellom veranda og kjøkken.




Peis sett frå trapperom


Når vi legg golv skal luftfuktigheita ligge mellom 35% og 65% rlf. Om natta er den opp i 65% men synk utover dagen, og når vi var ferdig i 4-tia laurdag var den komt ned i 43%

torsdag 2. juli 2009

Golvlegging, stue

I går starta vi for alvor å legge Dinesen golva og det funka veldig bra. Dei var lette å legge og gjekk veldig fint ihop. Det blei en kort dag i huset for min del i går for vi fekk besøk av meglar som skal gi oss eit tilbod på salg av rekkehuset på Grebstadhagen der vi bor no. Dagen i dag blei også ganske kort for vi sjøsatte båten til far og tok ein liten tur på fjorden og kappkøyrde med eit digert turistskip som kom seilande ut fjorden frå Geiranger. Litt moro må man ha sjølv om man bygg hus.


Eg skrur medan Emilie testar dei nylagde plankane


Silencioplater, varmefordelingsplater, varmerør, lekt, ullpapp og til slutt golvplanken.


Man kan olje golvet for å behalde naturfargen men vi syns den er litt for raud så vi skal lute det.

Peisen er også ferdig måla bortsett fra luftekanalen nederst.


Steikje bra gølv!

tirsdag 30. juni 2009

Golva i hus

I dag kom Dinesen golva frå Danmark og med hjelp fra Cato i Thermotank fekk vi dei trygt i hus. Vi har hatt nokre lange kvelder med å få klar vannbåren varmerøra slik vi kunne ta imot golvet i dag og brukte mandagen på å sluttføre dette.
Laurdag var eg i Trysil og feira svigermor så da var far aleine i huset. Han jobba då med å fjerne ein del av takterassen slik den ikkje gjekk over taket på verandaen i 2. etasje. Dette gjorde at midtpartiet av huset kom meir til sin rett. Man ser no klart korleis trapperommet deler huset i to kuber. Tøft :-) Sidan taktekkerane ikkje har fått fiksa taket som blei endra så blei taket dekt med ei presening. Men når det bøtta ned som det gjorde mandagskvelden var dette dessverre ikkje nok. Det kom vatn inn i huset under ein vanvittig "Thunderstorm" og dette skada innertaket i kjellaren. Golvet i hovedetasjen blei vått og vatnet trekte ned i taket under. Men det ser heldigvist ut til at det kun er ei takplate som må byttast.


Takterassen går no ikkje lenger framom takvindua.


Per Gunnar og Lars Petter la røra etter eg hadde fresa spora.


Cato fra Thermotank på plass igjen og kraner planken på plass med sedvanleg presisjon.


Borda er fordelt og ligg klar for legging.


28mm tjukke og 30cm breie bord. Dei lengste borda er over 9 meter lange.


Det første bordet er på plass for å teste om det passer bra, noko det gjorde. Det første bordet er kløyvd for at legginga skal gå opp når borda møter borda som går framom kjøkken og trapp. Meir om dette seinare. Vi skal legge papp under borda så vi har ikkje festa det enda.

torsdag 25. juni 2009

Golvlegging

Medan far har holdt på med gesimsane ute har eg og Jens Arne lagt silencioplater på golvet på stua. Dette er plater med trelekter imellom som golvet skal skruast i.


No er det bare å frese svingane i endane på platene der røra skal ligge. Peisen snart klar til måling. Kjipt å jobbe inne når det var 25 grader og sol ute...(kveldsol på bildet, kl.21.30)


Peisen sett frå gangen ved badet. Trapp opp til brua øverst i bildet


Undersiden av trapp opp til brua


Trapp opp mot hovudetasjen.



Ellers er murane no ferdig pussa og kanskje vi får målt dei etter ferien.

onsdag 24. juni 2009

Trappa på plass

I kveld hadde vi dugnad der Tor Einar, Lars Petter, Jan Halvard og Marius møtte opp og hjalp til med å få trappa på plass. Den første trappa frå kjellar til repos var allereie oppe, og den neste fra repos til 2. etasje gjekk veldig fint på plass. Trappa frå 2. etasje til andre repos gjekk også greit å få på plass, men den passa ikkje heilt så vi må gjer nokre justeringer for å få den til å sitte heilt perfekt. Det samme gjeld den siste trappa frå andre repos til "brua" i 3. etasje. Men vi fekk no på plass beistet, og eg er veldig takknemmeleg for hjelpa vi fekk. Med stropper og muskelkraft gjekk jobben veldig bra. Takk kara!! Birgitte og Emilie kom og inspiserte og fotograferte.


Trappa på veg til trapperommet for å løftast på plass. Emilie følger spent med, alltid frå sikker plass.



Marius og far står i 2. etasje, eg og Lars Petter står på reposet medan Jan Halvard og Tor Einar står på brua og løftar trappa opp med stropper.




Far var den første som gjekk opp trappa


Endeleg på plass!! Vi skal ha 35mm Dinesen trappetrinn som blir skrudd på trinna. Rekkverk blir i glass utan topplist, festa med klemvanger.

mandag 22. juni 2009

Legging av rør

Fredagskvelden var Per Gunnar frå Uri & Sønn på plass og hjalp oss med å legge rør til vannbåren varme. Sjå video og legg merke til dei velinnøvde "moves'a" til Per Gunnar.
Taket i kjellaren er no ferdigmåla og det tek nok ikkje lang tid før heile kjellaren er kvit. Vi har også så smått starta med å montere trapp, men sidan vi kun har vore 2 stk så har vi bare fått på trapp frå kjellar til første repos. Vi må ha hjelp til å få på resten av trappa sidan den er rimelig tung.


Ein dansande Per Gunnar legg rør.


Peisen er no klar til pussing.




Første trappeløp på plass. Trinn i tre vil kome på etterkvart. Rekkverk i glass festa med ein klemvange vil også kome med tid og stunder.




Golvet før sponplatene kom på.


Rommet til Emilie, sponplater på plass.

torsdag 18. juni 2009

Trappa i hus

Vi har jobba litt med peisen og fått montert nokre overganger til pipa samt frest litt spor i golv for golvvarme. Men dagens store begivenheit var å få trappa i hus. Cato frå Thermotank køyrde til Stranda Stålvarer og henta den i dag, og krana den så og sei inn i huset. I går kom kjøkkeninnreiinga og sidan vi hadde kranbil på plass så fekk vi heisa det også i hus. Kjekt vi slepp å bere dei opp, tunge dissa høgskapa. Dessutan er det billegare i det lange løp å leige kranbil enn å gå til kiropraktor ein måndads tid ;-)

Vi har ikkje montert trappa enda så vi håper alle mål er rette og at den ramla fint på plass.
"Time will show" som Blodstrupmoen sa det.


Cato i Thermotank, en mann som klarer det meste med kranbil!


Trapp frå 2. til 3. etasje er i hus.


Høgskapa på kjøkkenet er klar for utpakking og montering.


Peisen tek form.

onsdag 17. juni 2009

Pussing av yttermur og oppsett av peis

I dag starta murmesterane for alvor å pusse ytterveggane, og dei jobba fort. Vèret var strålande så det var perfekte forhold til å jobbe ute.

Når eg og far kom opp i huset starta vi med å få opp peisen sidan denne må vere på plass før vi kan legge golvet. 

Montering av plater har begynt.

Peisen er bygd opp til rett høgde, alt er watra opp og klart til å kleast inn.

Halve bakveggen er pussa, murpussen er enda ikkje tørr.

Finishen er kosta og er ganske grov. Vi skal etterkvart måle den kvit men det blir nok på andre sia av sommarferien.