onsdag 2. juli 2008

Snodig hendelse

I dag har det skjedd ein del i tomta. I går var eg der aleine og hadde planer om å støype sålen på framveggen. Men der var ikkje vatn så den planen gjekk i vasken. Eg fekk omsider tak i vatn fra naboen men då hadde klokka blitt så mykje at eg droppa støypinga. Eg fekk imidlertid armert sålen så alt var klart til i å støype i dag.
Problemet med vatnet viste seg å vere ein stengt krane, noko pinleg for meg men uansett så avdekka det eit anna problem. Eit par meter av strømkabelen til vannpumpa hadde blitt dratt ned i vannholet av ein eller annan grunn. Eg ringte Norsk Borreteknikk som har montert pumpa og dei skjønte ingenting kva det kunne skuldast. Han frykta først at pumpa hadde løsna frå vasslangen og hang berre etter straumkabelen. Heldigvis kunne han stikke innom i allereie i dag for å sjekke. Han fann fort årsaka til at eg ikkje fekk vatn, noko som eg blei småflau over. Men dette med kabelen var eit mysterium. Vi starta med å dra opp kabelen og det var aldri samsvar mellom kor myke vasslange og kor mykje kabel som kom opp. Der var ett eller anna som dro kabelen nedatt. Etter å ha dratt opp 60-70 m var der plutseleg samsvar mellom kabellengde og vannslangelengde. Kabelen blei ikkje lenger dratt ned.
Teorien er at ein stein har løsna ned i holet og festa seg i kabalen og dratt denne ned. Eit anna alternativ er at fanden sjølv driv å kødda med oss, vi håper årsak er teori nr.1.
Vi senka pumpa nedatt og no stemte kabellengda med sånn det var då den blei montert. Så no har vi vatn igjen og alt er fryd og gammen.

I tillegg til denne hendelsen har bruder'n lagt bunnlinja. Eg har også flytta returslangen frå varmepumpa vekk frå kloakken og i tillegg isolert denne. Eg trudde det var ein god idé å stjele varme frå kloakken men det kan visst føre til at kloakken frys, noko eg ikkje er så gira på.


Sålen til framveggen er no støypt. No vil vi sette opp ei halv rad med Bewi, slik vi gjorde med resten av veggane.


Bunnlinja blir lagt ferdig på laurdag.

Ingen kommentarer: