Badet i kjellaren blir inn der vannslangen no gjeng. Avløpsrøra gjeng inn i veggen så vi måtte lage høl i reima for dei. Til venstre for slangen skal der stå ei støtte som held oppe ein limtredrager vi enno ikkje har fått.
Dei berande veggane er no på plass.
Taket på boda som blei støypt på onsdag.
2 kommentarer:
Synes det virket som om du hadde valgt relativt smale fundament til bæreveggene(25cm) og kraftige bærevegger... Var det nødvendig med 8" stenderverk til veggene dine? og hvorfor støpte du ikke gulvet og fundament til bæreveggene "i ett" og med isolasjon under?
Må bare nevne at jeg er litt misunnelig på utsikten din :)
Fundamentet til bereveggane er på 20 cm og sjølve stenderverket er røyst med 6". Fundamentet skal vere kraftig nok til den belastninga det vil få.
Vi kunne støypt gulv no men sidan vi ikkje skal ha ei grovplate og ei finplate så vel vi å vente med å legge 20cm isolasjon og støype ei finplate på 7-8 cm til huset er taktett. Sidan vi skal ha slipt betong i entréen så vil dette ver ein fordel. Uansett så er det få her i bygda som støype gulvet før det er taktett. Lokal tradisjon kanskje?
Legg inn en kommentar