Dagens høgdepunkt skjedde egentlig etter eg hadde vore i tomta å jobba. Då stakk eg og Terje på sjøen og det blei ein innhaldsrik tur. Utanfor Tusvika såg vi vel 30 niser, den nermaste berre 4-5 meter fra båten der den kom opp for å puste og blåste en liten salutt. Så runda vi inn i Hjørundfjorden der vi såg ein flokk på 8 Lundefuglar. Dei har vel ikkje blitt observert så langt inne i fjorden før. I tillegg passerte 3 turistskip som var på veg ut Storfjorden etter å ha vore i Geiranger.
Ikkje lett å ta bilde av disse skapningane, men man kan skimte 3 niser som er oppe samtidig.
Eg og Terje. Terje iført rutaskjorte og caps prøver å etterlikne han galne fiskaren i Haisommer 1. Med niser symjande rundt båten så blei det faktisk som ein skikkelig light versjon av Haisommer også, men Terje blei heldigvis ikkje oppeten :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar