søndag 26. april 2009

Klar til pussing

På mandag vil Lindvik AS vere i gang å sparkle og pusse igjen. Dei vil jobbe på stua, kjøkkenet, kontor, trappeoppgang og 3. etasje der det meste no er på plass. Vi har igjen å sette på nokre beskyttelseslister rundt ett par hjørner og ein liten gipsbit ved det nye vinduet i 3. etasje.


Det siste vinduet i 3. etasje er no på plass.


Kjøkkenet til høgre


Kjøkkenet sett frå stua.


Vindu ved brua. Dette vinduet vil vere rett fram når man går opp trappa til 3. etasje.

Hjørnet på stua . Her er det vindu med både aluminium og trekarmer. Foringa i mellom er no klar til pussing.


Vi laga ei nedforing frå taket på kjøkkenet og ned til der kjøkkenskapa skal stå. Vi vil heller ha ei løysning der det er huskonstruksjonen som er foringa i stadenfor at det er kjøkkeninnreiinga som inneheld foringa.


Hovudbadet er no kledd med rupanel. Til venstre vil dusjen vere, og til høgre for den vil badekaret stå. Blandebatteriet til badekaret vil kome opp i din nisja midt på veggen.


Taklampa på badet kom godt men seint. Den er innfelt i taket og inneheld to lysrør.

Ingen kommentarer: