lørdag 4. april 2009

Trapperepo

I dag fekk vi opp repoa til trappa og gjort ferdig vangane på brua. Vi har også gjort litt anna pjask som fått opp trekkerør til termostat til varmepumpa (ein på stua og ein bak huset). Vi har også fått plassert dei siste downlight'a i kjellaren og lekta ferdig taket der.


Det var tjukk skodde på formiddagen men den letta opp og då blei det veldig fint. Skodda letta på Hjellane før nede i bygda, flott skue det gitt...


Utsikt fra øverste repo. Her vil trappa gå opp til brua med utsikt mot Trollkirka rett fram. Godt tenkt av arkitekten :-)
Ser også at vi har gløymt å ta av klistremerka på vindua i taket. Nokon som melde seg frivillig til å ta dei vekk?



Repoet mellom 2. og 3. etasje. Vinduet under repoet skal senkast litt ned då repoet blei lågare enn først antatt.


Eit tips til dokke som bygg hus no. Finn plassering av lys FØR du legg opp trekkerør. Det er bortkasta tid å måtte ta ned lekter for å flytte på røra hit og dit.

1 kommentar:

Svein og Nette sa...

er vel på tide med ein liten oppdatering???